Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 8. august 2013 kl 14.35 Ut i naturen: Italienar på ville vegar

Botanikar Per Salvesen og programleiar Kjell Fuglehaug leitar etter sjeldne plantar langs Rallarvegen (Foto: NRK)
Botanikar Per Salvesen og programleiar Kjell Fuglehaug leitar etter sjeldne plantar langs Rallarvegen (Foto: NRK)
Naturredaksjonen i NRK fanga opp eit rykte om at det utanfor Gravhalstunnelen på Bergensbanen skulle veksa ein italiensk plante som finst berre der og ein stad i Italia.

Planten skulle ha havna der i samband med bygginga av tunnelen for over 100 år sidan då 60 italienarar i ein kort periode arbeidde på anlegget.

Programleiar Kjell Fuglehaug og botanikar Per Salvesen sette i gang å leita, samstundes med at ryktet spredte seg i botanikarmiljøet her i landet.

I dette programmet blir vi med på leitinga etter "italienaren" som i første omgang ikkje blei funne der han skulle væra. Difor blei det ein del trasking på den kjende Rallarvegen. Langs denne vegen veks det og mange andre interessante plantar som i si tid, då Bergensbanen blei bygd, vart med på lasset til desse hardføre fjellområda.

Plantar til glede og nytte
Ein god del av plantane er sokalla medisinplantar som i si tid blei brukt både som abortmiddel, mot skjørbuk og pest. Andre blei nytta til sårbehandling, allergi og tannverk, mens andre igjen blei brukt som krydder og godlukt. Ein av plantene langs Rallarvegen blei faktisk brukt som middel for å skulka skulen.

Sendt tidligere.

Programleiar: Kjell Fuglehaug
Produksjonsleiar: Bjørg Langeland, mobil 93496759,
Pressekontakt: Sidsel Mundal, 414 52 326 / 23 04 92 82
TV-seere bes kontakte info@nrk.no, tlf 815 65 900