Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 1. juni 2008 kl 18.03 Folkemusikktimen

Lena Willemark

-Du må gje deg hen, våge og ikkje tenkje…

"Ho lengtar" - Lena Willemark frå Sverige
Tonane hennar har gjort ho til ein av landets fremste folkemusikarar. Lena Willemark frå Sverige vandrar fritt i folkemusikk, jazz og klassisk. Ho er ikkje bunden av sjangerar. Ho er fri til å skape. Musikken kjem innanfrå. Lengten, rørslene, impulsane, magekjensla, motet, det vågale, det vakre og det gale. Stemma er midt i denne spennvidda. Lena Willemark klarer å skape spennet og ho fyller det. Fela har alltid vore med ho. Samspelet mellom den nakne stemma og instrumentet, lagar eit anna uttrykk.

Lena er født i 1960 i Evertsberg i Dalärne. Älvdal med sin natur og all den lokale kulturen gjennom den svenske folkemusikken pregar musikken hennar. Willemark har fått uttallige prisar og utmerkingar. I Skandinavia er ho ein av dei fremste folkemusikarane.

I Norge har ho ei stemmetvillingssyster i Kirsten Bråten Berg. Eit 20 år gamalt venskap og musikalsk samarbeid har gjeve resultat som du vil høyre meir om i programmet. I Sverige har Lena fleire musikkprosjekt, gruppa Frifot med Ale Möller og Per Gudmundson er nok det mange nordmenn vil kjenne ho igjen i.
For 20 år sidan reiv mange ned plakatane til Frifot og sa at dette er ikkje folkemusikk. I dag kallar alle dei for tradisjonsberarane i Sverige.

Å møte Lena Willemark er som å kome inn i hjarta til ein kunstnar. Ho fortel korleis tonane kjem inn i ho. Lena ser fargar, ho lengtar som om ho er på ei reise.

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

"Folkemusikktimen" NRK P2
Sundag 1. juni kl. 18.03.
Gjenhør måndag 2. juni kl. 21.03.