Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 23. september 2008 kl 19.30 Ut i naturen: Varmt og vått

Varmt og vått ekstremvêr

Ut i naturen: Øyvor Bakke tar deg med ut i godvêr og ekstremvêr.(Foto: NRK)
Ut i naturen: Øyvor Bakke tar deg med ut i godvêr og ekstremvêr.(Foto: NRK)
Kvifor har året 2008 vore både varmare og våtare enn normalt? I "Ut i naturen"
ser Øyvor Bakke attende på vinteren, våren og sommaren. Følg med og opplev ekstremvêret "Sondre" og "Tuva" igjen, og bli med til Froland som i år hadde den verste skogbrannen i Noreg i nyare tid.


Det gjekk ikkje langt ut i år 2008 før to ekstremvêr velta inn over landet. I løpet av ei veke kom både "Sondre" og "Tuva" på besøk. I "Ut i naturen" kan du sjå kreftene deira i full sving. Me møter òg nokon som veit å nyta ekstremvêret.

Polare lågtrykk
Polare lågtrykk er ofte vanskelege for meteorologane å oppdaga, sidan dei oppstår i polare havområde. Dei kjem ofte brått på og kan gjera stor skade på skip og oljeinstallasjonar til sjøs. Men korleis ser polare lågtrykk ut når dei kjem innover land? Og korleis oppstår dei?

Snørik og mild vinter
Vinteren var snørik fleire stader i landet, til stor glede for skiløparar og turistar. Mange frykta storflom når all snøen smelta. Det blei ingen storflom, men på Otta gjekk det likevel gale. Ekstreme mengder vatn i bakken utløyste eit 50 meter breidt ras og omlag 150 personar måtte evakuerast.

Tørke og skogbrann
Korleis kan eit fylke som har det nest våtaste året sidan målingane starta, oppleva den verste skogbrannen i Norge i nyare tid? I Agder skjedde nettopp det. Me blir med meteorolog Reidun Holmøy til Froland, der ho forklarar korleis dette gjekk til.

Normal sommar – eller?
Følte du at sommaren i år var spesielt fin eller spesielt dårleg? Sett under eitt var sommaren i Norge det meteorologane kallar ganske normal, med temperaturar og nedbør rundt normalen. Men ser me nærare på enkelte stader, ser det ganske annleis ut.

Bli med og opplev vinter-, vår- og sommarvêret i "Ut i naturen".

Program frå Naturredaksjonen, NRK Hordaland
Programansvarlig: Øyvor Bakke, tlf 977 78940
Prosjektleder: Thomas Hellum, tlf 55 27 57 36, mob 414 25509
Kontaktperson: Steinar Dahl, tlf. 23 04 74 57
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf. 815 65 900, info@nrk.no


LENKER
  • Les og sjå meir