Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 10. desember 2013 kl 19.45 Ut i naturen: Lysleite - ein hyllest til mørketida

Inspirert av november


Mange synest at mørketida er tung og trist, men for filmfotograf Tor Sivertstøl er denne perioden veldig fasinerande. Han likar seg som best etter at haustfargane har bleikna, og når november får det tunge uttrykket sitt.

Tor Sivertstøl har i mange år vore fotograf på serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Opp gjennom åra har han og Oddgeir Bruaset reist rundt i det langstrakte landet vårt. No tek han turen åleine på jakt etter lyset i mørketida.

Reisa går frå Vestlandet til Vesterålen, og på turen møter han fleire som også har eit spesielt forhold til mørketida.

Den er ikkje berre våt og grå, meiner kunstmalarane Ørnulf Opdahl og Nina Beyer, kunstfotograf Gry Molvær, best kjend som tidlegare programleiar og journalist i NRK, og hobbyastronom Egil Enaasen frå Sortland.

Dei har alle sine spesielle innfallsvinklar til kva mørketida kan brukast til. Det handlar om å sjå det smale lyset som finst der ute.

Produksjon: Tindefilm AS
Produsent: Hilde Nerland
Regi: Tor Sivertstøl
Prod.leder: Bjørg Langeland
Redaktør: Terje Dale

Kontaktadresse for presse presse@nrk.no tlf 414 28 800
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 23 04 70 00