Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 onsdag 29. desember 2010 kl 19.45 Folk: Øyfolket

Eit himmelrike


Dette er ei reise til "Himmeblå-landet". Til menneska som bur der, til øyane, ærfuglen og havet. Til eit verbitt, forblåst og bortgøymt himmelrike på jord. I filmen møter vi forfattaren Inga E. Næss frå Trondheim, som ikkje kunne gløyma si barndoms øy, Vega på Helgelandskysten.

Hit flyttar Inga E. Næss kvar vår, og her legg ho, saman med sin unge ven Stein Are Ludvigsen, planar for det altoppslukande arbeidet med å ta vare på øykulturen. På Vega har ho sett i stand den gamle handelsstaden, som bestefaren dreiv, og laga ærfuglmuseum. Ho tar i mot folk som vil sjå og læra, og skriv bøker om øyfolket sin historie. Stein Are, som er hjelpegut for Inga, drøymer om å bli kystskipper.

På Vega-øyane har det budd folk i ei uendeleg rekkje av generasjonar, og endå er det nokon som passar dette landskapet av tusenvis av øyar og skjer. Det er denne draumen dei har, Inga og Stein Are, at øysamfunnet skal takast vare på inn i ei ny framtid. Bli med dei på ei reise i eit storslått havland, der liv og arbeid vert styrt av natur og årstider. Med Stein Are sin båt dreg dei vestover til Hysværet til Øystein Ludvigsen og Snefrid Jakobsen og "Gåkka mathus", Helgeland sitt mest spesielle vertshus, som Øystein har bygd av rekved. Øystein er den siste øyværingen som driv fiske og jordbruk på tradisjonelt vis. Snefrid seier det er som om livet startar på nytt når ho om våren kjem ut til det rike fuglelivet i øyriket. Inga, Snefrid og Øystein vil læra andre korleis øyfolk før utnytta naturen rundt seg, og dei held kurs både om ærfuglen og om korleis ein kan driva slåttonn på tradisjonelt vis. Dei inspirerer mange med kursa sine. Frå heile nordlandskysten kjem folk for å vera med.

Med båten dreg dei sørover til dunværet Muddvær til Erna Nilsen og Jon Robert Karlsen. Dei to er byfolk om vinteren, men kvar vår møtest dei i havgrenda der dei budde som born. Her vernar dei ærfuglen mot rovdyr gjennom den sårbare hekketida, slik at fleire ærfuglungar overlever. Som takk får dei verdfull dun frå fuglane. For forfedrane deira var ærfugldun som gull å rekna. Dei kunne tena betre på å selja dun enn på å dra på Lofotfiske. Vi kjem tett på ærfuglane i ljose, vakre sommarnetter, der dei vandrar fredeleg mellom dei særeigne små husa sine.

Inga og Stein Are reiser vidare nordover i øyriket til gardbrukarane Turid Næss og Gisle Ebbesen, som fører kyrne sine frå Vega og ut til beiteland på øyane. Dette er ein gamal tradisjon som dei fører vidare. Turid og Gisle har sett i stand kystgarden på Store Emårsøy, til slik den eingong var. I over 40 år fanst det ikkje husdyr på øya. No går den gamle rasen nordlandsfe her ute igjen. Turid og Gisle vil ta i mot folk på øya. Dei ynskjer å visa korleis det var å leva her før, livet dengong på ein gard på ei øy, med havet som nabo. Når hausten kjem, stengjer Inga og Stein Are krambua for vinteren. Stein Are dreg tilbake på skulen der han skal verkeleggjera draumen om å bli skipper på eigen båt, og trekkfuglen Inga dreg sørover til bylivet i Trondheim.

Filmfotograf Helge Haukeland har gjennom fleire år fylgd tett på naturen, fuglelivet og øyfolket på Vega-øyane. Han har tidlegare laga fleire filmar som har vore vist i NRK: den prisbelønna filmen "Ragnar og Sigfred – og dei sju straumane" (1998), "Livet på Lio" (2004) og "Trua på ein draum " (2008).

Produsert av Helge Haukeland
Prosjektleder i NRK: Oddbjørn Rosnes
Pressekontakt: Silje Marie Lien, 23 04 41 01 / 975 25 287
TV-seere kan kontakte Publikumsservice, 815 65 900, info@nrk.no