Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 mandag 10. november 2008 kl 19.55 Faktor: Trua på ein draum

Garden og laksen er framtida

Faktor: Trua på ein draum: Kirsti og Helge bur på garden Furnes i den bratte fjellsida ved Bolstadfjorden. (Foto: Helge Haukeland)
Faktor: Trua på ein draum: Kirsti og Helge bur på garden Furnes i den bratte fjellsida ved Bolstadfjorden. (Foto: Helge Haukeland)
På den siste av dei stupbratte, veglause "laksegardane" ved den vakre Bolstadfjorden har Helge og Kirsti Furnes klort seg fast, i trassig tru på framtida - og på den flottaste fisken verda nokon gong har sett.

Storelva Vosso renn ut i Bolstadfjorden i Hordaland og har lange tradisjonar som fiskeelv. Ein gong var dette møtestaden for verdas "jet-set" med styrtrike industrieigarar, engelsk adel og filmstjerner. Det var laksen i Bolstadfjorden og elva Vosso som lokka. Men så forsvann laksen frå elva, og deretter kjendisane.

Kirsti og Helge blei att
Så flytta dei, folket som budde langs fjorden, også. Men Helge og Kirsti har blitt. Her skaper dei dag for dag sitt eige, vesle paradis.

På garden som ligg under bratte fjellsider som stuper ned i fjorden, har Helge to lidenskapar. Den eine er å gjere utilgjengeleg utmark i skråningane over garden om til dyrka mark for dei 60 vinterfora sauene.

Helge vil redde laksen
I tillegg har han eit stort engasjement for å redda den gjenverande stamma av vossolaks, som gjennom århundra har vore ein viktig del av livet på Furnes. I gode gamle dagar kunne laksen utgjøre ein tredjedel av inntekta til garden.

Vossolaksen er særeigen både i norsk samanheng og på verdsbasis. Det er særleg storleiken som skil vossolaksen frå andre laksestammer, men også ein flott fasong har vore trekt fram, særleg av sportsfiskarar.

Statistikken syner at fangstane av laks varierer mykje, men fram til 1990 har fangstane gått nedover. I 1992 vart vossolaksen freda, og i 2006 vart Vosso verna som nasjonalt laksevassdrag.

Draumen om at storlaksen ein gong skal venda tilbake, den vil Helge aldri gje slepp på.

Dokumentar fra NRK Hordaland (2008)
Tittel: Faktor: Trua på ein draum
Redaktør: Oddbjørn Rosnes
Produsert av: Helge Haukeland og Karine Huseby, Skirnir AS
Kontaktperson: Berit Ekholdt, tlf 23 04 94 50 / 997 97 743
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 info@nrk.no