Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 6. oktober 2007 kl 22.30 Norsk attraksjon

Dialektduell og dyrt drikkevatn

Voss vs. Valle: Linda Eide utfordrar Sigurd Brokke til duell om kva for dialekt som er vanskelegast. (Foto: NRK)
Voss vs. Valle: Linda Eide utfordrar Sigurd Brokke til duell om kva for dialekt som er vanskelegast. (Foto: NRK)
Ein av attraksjonane i programmet i kveld er ein dialekt! Valledialekten er så vanskeleg både å forstå og å lære seg at den er ein ekte Norsk attraksjon. Linda drikk dessutan verdas dyraste vatn – heilt gratis.

Setesdalsmålet har alltid vore oppfatta som spesielt og rotekte. I Valle kommune, som ligg midt i Setesdal, har det særeigne talemålet halde seg temmeleg uforandra fram til våre dagar. Mykje av talemålet liknar på gamalnorsken.

Linda Eide, som sjølv har fått høyre at dialekten hennes er både eksotisk og uforståeleg, utfordrar Valle-mannen Sigurd Brokke til dialektduell.

The Authentic Vossarull
Linda vil finne ut kor lett det er å lure ein turist. Ho legg treningsdrakta på hylla og tek på seg kvasibunaden for å selje The Authentic Vossarull.

Ein rull ned bakken med felespel til skal i følgje plakaten gjere deg 20 år yngre. Det kostar berre twenty kroners! Bit dei amerikanske turistane på? Er det i lommeboka eller i Lindas hovud dette eksperimentet svir mest?

I tillegg drikk Linda det eksklusive Voss Water, som slett ikkje er frå Voss, men frå Iveland ved Kristiansand. Og ho prøver Noregs mest berømte rusling!

Om serien
"Norsk attraksjon" viser deg reisemåla du garantert ikkje finn i guideboka. Åtte laurdagar blir vi med Linda Eide til ukjende plassar som er verd å leggje merke til.

Linda Eide stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller plassar du ikkje visste var ein attraksjon.

Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I fjor fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for nynorskjournalistar.


Underhaldingsprogram
Program 4 av 8
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar: Gunn Aasen, 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte info@nrk.no, tlf: 815 65 900


LENKER
  • Hjemmeside