Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 2. september 2007 kl 18.03 Folkemusikktimen

Maskulin Flørt


"Årets kongepokalvinnar Eivind Bakken frå Jondal". (Foto: Tone Jorunn Tveito.)
Visste du at lausdans er stortsett ein solodans for menn? Truleg den eldste danseforma med ubroten tradisjonslinje i Norge.

- Halling er eksplosjonsdans etter musikk, seier årets Kongepokalvinnar Eivind Bakken frå Jondalen. Folkemusikktimen møter han på Småjondølanes Dansarlag si fyrste øving i haust. For dette programmet handlar om fenomenet lausdans eller hallingdans som nokre også seier.

Lausdansarane har sitt eige særpreg. Ein identitet der det personlege kjem til uttrykk gjenom dansen. Du møter hallingdansarane Martin Myhr og Jon Ellingsen, eit par veteranar som kallar seg for "Gamlekaran". Du møter Sigbjørn Rua og Tom Løvli. Begge dansekollegaer frå Jondalen med fyrstepremie på Landskappleik nesten annankvar gong dei siste åra. Men i fjor trådde Tom gjenom scenegolvet og det har prega han at det har vore mykje vondt det siste året. Du høyrer stemninga i salen når valdresingen Halgrim Hansegård viser sine nesten "gummiaktige" hallingtakter på scena. Du møter dansedommar Karin Brennesvik og du møter to folkemusikkjournalistar som ser det heile litt frå sidelinja.

Her er intriger – skjemt og moro!! Sjølvsagt vil alle vere best – for den beste hallingdansaren får den finaste jenta!! Hardt å vere mann…

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.

Folkemusikktimen NRK P2
Sundag 2. september kl. 18.03.
Reprise måndag 03. september kl. 21.03.