Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 17. mars 2013 kl 20.15 Tilbake der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Frå Sogn til Vestfjorden


I dette tredje programmet der vi dreg attende til stader vi har laga program ifrå, skal vi høyre kva som har skjedd i Måren i Sogn, på Eikemo i Sunnhordland, på Litle Færøy ved utløpet av Sognefjorden, på Graddisfjellet i Nordland, i Skindalen i Vest-Telemark og på Givær i Vestfjorden.

I Måren på nordsida av Sognefjorden levde tre par, det eine ute på eit nes ved fjorden, det andre midt oppe i lia og det tredje inne i ein hengjedal høgre oppe. Eit kraftverk skulle byggjast i Mårenvassdraget, og dette gjekk så hardt inn på gardbrukar og kulturarbeidar Ivar Orvedal at han truga med å forlate heimegrenda. Ute på neset fall den gamle ektemannen ifrå, og den endå eldre enkja, Elsa Runnestø, sat åleine att og kjende seg motarbeidd av både kommunen og Posten Norge. Vart kraftverket så ille som Orvedal frykta, fekk den gamle, kranke kona på Runnestø den hjelpa ho bad om, ein tryggleiksalarm kring halsen og posten levert på døra, eller måtte ho gje tapt og flytte? Og kvar er det blitt av dei to oppe i Måredal?

Eikemo høgt over Åkrafjorden var dei to grannane og geitebøndene Nils Kjetil og Geir Arne Eikemo på jakt etter kvar si gilde kone. Dei sette si von til budeiene som kvar sommar tok seg til grenda for på passe geitene på stølen. Men like visst som hausten kom, drog damene sin veg. Er det blitt noka endring? I alle fall førte programmet til at mykje folk ville til Eikemo for å sjå staden og kanskje også helse på karane. Og det visste dei å utnytte … På den andre sida har dei fått merkje at naturkreftene er sterke der inne i fjorden.

Litle Færøy, ei øy i Solund, levde Roar Moe i ei husmannsstove saman med ein katt, og på bøane beitte ein flokk villsauer. Han levde og anda for den gamle kystkulturen, for livet til fiskarbonden, og han bad skuleungdom til øya si for å gje dei litt av den kunnskapen han sjølv hadde om livet langs kysten i tidlegare tider. Sidan den gongen har tilbodet han gav, berre auka i omfang. Dessutan er han ikkje lenger einebuar, i alle fall ikkje heile året … Indirekte er det ei følgje av programmet om han.

Ved Erik Larsatjønna inne på Graddisfjellet levde det svenske og tilårskomne kunstnarparet Kaja Zetterquist og Per Adde. Dei hadde bygd opp eit tun av gamle hus på den veglause staden, to av dei tente som atelier. Utanom å måle, dyrka dei friluftslivet til fots, på ski og i kano – trass i at Per var godt oppe i 80-åra. Dessutan arbeidde dei for å verne naturen mot inngrep. I særleg grad hjelpte hjelpte samane i kampen mot utbyggingskreftene. Programmet munna ut med at politiske krefter tok initiativet til å få reist eit Per og Kajsa-galleri ved nasjonalparksenteret i Saltdalen, slik at kunstnarane og kunsten deira kunne bli heidra. Er det blitt noko av galleriet, og held dei to tilårskomne framleis stand der ute i villmarka?

I Skindalen, langt inne på Hardangervidda, levde naturbarnet Anne Vågen Skindalen saman med tre-fire kyr. Viktigaste inntektskjelda var smøret ho kinna og selde til handelsmannen på Rauland. Men slåttekaren hennar drog på åra, og han meinte at han snart ikkje makta å få høyet til Anne i hus lenger. Ikkje hadde ho råd til å løne ein betre betalt slåttekar heller, og ho stod i fare for å måtte kvitte seg med kyrne. Men kva skulle ho då leve av? Kva har skjedd med Anne og kyrne hennar? Og korleis ser ho på framtida som einebuar i Skindalen?

Givær, er eit lite øysamfunn i Vestfjorden, ein god times sjøreise vest av Bodø. Der levde 14 menneske for ti år sidan då vi laga program derifrå. Dei fleste var godt vaksne, men i sentrum for programmet stod ei ung, nygift kvinne, Olaug Olsen, som hadde vendt heim for å ta over farsgarden.

Korleis har det gått med folket på Givær, og korleis har Olaug det i dag? Bur ho der framleis, har ho fått born, har fleire unge funne vegen til øya, eller går det mot avfolking, der som i så mange andre utvær?

Egenproduksjon, 2012.
Del 3 av 4.
Reporter: Oddgeir Bruaset
Kontaktadresse for presse presse@nrk.no tlf 414 28 800
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900