Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 mandag 23. juni 2008 kl 20.00 Norsk attraksjon

Linda på rodeo

Linde Eide viser oss fleire ukjende norske attraksjonar i kveld. (NRK-foto)
Linde Eide viser oss fleire ukjende norske attraksjonar i kveld. (NRK-foto)
Sjå korleis det går når Linda Eide prøver lykka som rodeoryttar! Den vakre telemarkskua er ein av attraksjonane som blir testa av Linda i kveld. Det skal òg handle om eit grafittifjell, ein veg som stoppar midt i berget og ein SV-politikar med fortid som folklore-ikon.

Telemarkskua låg lenge under klauva til suksessrasen Norsk Raudt Fe. Ei stund stod den vakre kua med dei bogne horna på FN si liste over utryddingstruga dyreartar. Heldigvis var det nokon som skjønte det: telemarkskua måtte bli ein attraksjon eller døy!

I kveld testar Linda ut om telemarksrodeo kan kvalifisere til det gjeve Norsk attraksjon-skiltet.

Randi + Ronny = sant
Linda Eide tek oss med til ei gjestebok i graffiti. I Nordkjosbotn i Troms står Piggsteinen, eller graffitifjellet. Den store steinen er overteikna av namn og kjærleikshelsingar.

Litt lengre sør i landet er det Jesus sjølv som er måla på fjellveggen.

Verdas dyraste geitesti
Langs Dalsfjorden går ein fire kilometer lang veg. Det er snart 30 år sidan vegarbeidarane pakka saman. Eigentleg skulle dei lage veg og bru over fjorden, men pengane og gravemaskina vart flytta til andre prosjekt, og vegen stoppa i fjellveggen.

"Skal det ende her?" står det måla med store bokstavar på fjellveggen ved det som bygdefolket kallar "Skandalevegen". Bortsett frå geitene som har beita der, har Dalsfjordvegen, med ein prislapp på 13 millionar kroner, stått ubrukt.

Mitt liv som suvenir
I kveld reiser vi bakover i tid med SV-politikar Ågot Himle. Ho fortel alt om si hittil ukjende karriere som fotomodell og folklore-ikon.

Som ung jente på Voss vart ho fotografert av ein italiensk fotograf. Sidan dukka biletet opp på alle tenkjelege og utenkjelege plassar: jenta i bunad som flørta med spelemannen pryda oskebeger og fat. Den glansa versjonen av Ågot reiste jorda rundt på postkort med greetings from Norway. Til og med på store plakatar med reklame for flyselskapet KLM smilte ei vakker, blond, norsk Ågot!

Om serien
"Norsk attraksjon" viser deg reisemåla du garantert ikkje finn i guideboka. Åtte laurdagar blir vi med Linda Eide til ukjende stader som er verd å leggje merke til.

Linda Eide stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller stader du ikkje visste var ein attraksjon.

Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I fjor fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar.

Programmet er sendt tidligere

Underhaldningsprogram
Program 2 av 8
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar: Gunn Aasen, 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900


LENKER
  • Hjemmeside