Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 1. november 2009 kl 09.30 Språkteigen

Hugs hjernevern!

Hørselsvern er òg hjernevern.
Blir øyro utsette for bakgrunnsstøy så prøver den høgre hjernehalvdelen å tolke språk, ein jobb språksenteret i venstre halvdel skal ta seg av.
Forskar Sarah Dos Santos Sequeira fortel at bakgrunnsstøy kan endre språkprosesseringa i hjernen permanent.

Er du tonemdøv?
Ikkje alle høyrer forskjell på dei to norske tonema, men språkvitar Helge Dyvik stiller med ein liten hugseregel.

Kva norske lånord har slått rot i utlandet i nyare tid? Professor Rolf Theil si liste speglar norsk natur, idrett og svik.

Det heiter Sørlandet og Syden, ikkje Sydlandet og Søren. Men skal me seie Sør- eller Sydpolen? Og har orda sør og syd sams opphav? Sylfest Lomheim svarar lyttarane i Språkteigen søndag.