Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 14. juni 2011 kl 20.15 Ut i naturen: Hardangervidda nasjonalpark

Balansekunst


I 1981 vart 3500 km2 av Hardangervidda gjort om til nasjonalpark, - Norges største.
Føresetnaden var at ressursane skulle nyttast som før. Det er både staten og private eigarar som rår på vidda.


Grensene for nasjonalparken vart i stor grad lagde etter regulerte vatn. No er det vasskraft med vatn frå vidda som skapar dei største verdiane, men jakt og fiske er óg viktig.

Ville reinsdyr
På Hardangervidda finn vi den største villreinstamma i landet. Den er blitt hausta av heilt sidan isen trekte seg tilbake for ca 10.000 år sidan. Utan jakt ville det blitt for mykje dyr for det beitegrunnlaget vidda gir, for på Hardangervidda fins ikkje store rovdyr.

Hardangervidda byr på mykje meir enn reinsdyr, jakt og fiske. Vest på vidda er grunnen kalkrik. Her finn ein den finaste floraen.

Fugleliv
Fleire fugleslag har sørgrense på Hardangervidda, og det er i dei store våtmarksområda på sentralvidda ein finn den største konsentrasjonen av fugl . I dag har mange fugleslag vanskar . Nokre fordi dei går seg fast i garn og druknar, andre fordi det ikkje har vore smågnagarår sidan 1995. Dei siste ti-åra har både jerv, fjellrev og snøugle forsvunne frå Hardangervidda .

Sendt tidligere.

Norsk dokumentar fra 2009
Redaktør: Terje Dale
Produsent: Bjørg Langeland
Pressekontakt: Sidsel Mundal , 23 04 92 82/41 45 23 26,
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 Publikumssevice