Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P1 tirsdag 18. desember 2007 kl 00.05 Nattønsket

Snøenglar i natta

Elisabeth Strand Mølster og Silje Marie Lien - snøenglar i Nattønsket i NRK P1.(
 Foto: Jon-Annar Fordal/NRK)
Elisabeth Strand Mølster og Silje Marie Lien - snøenglar i Nattønsket i NRK P1.( Foto: Jon-Annar Fordal/NRK)
Nattvertane i NRK P1 er omvandla til snøenglar i adventstida og strør om seg med gåver.>/ing>

Kvar natt i heile adventstida blir det julekalender i Nattønsket. - Og kvar natt trekkjer vi ut ein vinnar, seier Elisabeth Strand Mølster.

Natt til 1. juledag blir det så trekt ut ein vinnar blant vinnarane kvar natt som får ein DAB-radio. - Vi skal jo vere snille med kvarandre i tida før jul. Vi er jo ganske snille heile året vi i Nattønsket, men no ønskte vi å vere litt ekstra snille, fortset Elisabeth med eit smil.

Derfor har nattvertane gjort seg om til snøenglar som strør om seg med gåver til dei som klarer å løyse oppgåvene i julekalenderen.

Hels til ein du har kjær

Og som vanleg slepp lyttarane til med sine helsingar. Og i julestria passar det kanskje enda betre å sende ei platehelsing til kjærasten, til ein god ven, til syskjenbarnet på Gjøvik eller ein annan du tykkjer godt om.

Nattønsket høyrer du i NRK P1 kvar einaste natt mellom midnatt og klokka to på natta.

Har du ei platehelsing du vil sende sendar du ein SMS til 1987 eller ein e-post til natt@nrk.no.