Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 14. august 2012 kl 19.45 Min ungdoms vår

Utdanning på vent


Draumen til Elise Theoline Tungehaug verkar heilt uoppnåeleg. Den 22 år gamle jenta frå Bud i Romsdal vil utdanne seg i friluftsliv på høgskulen i Volda. Men ho greier ikkje å ta den siste eksamen som skal til for å komme inn på studiet.

Valet ho då tek er dramatisk: Når ho ikkje får starte på utdanning i friluftsliv, bestemmer ho seg for å bruke våren til å leve friluftslivet. "Ut i naturen" følgjer henne når ho med sykkel og ryggsekk boltrar seg i ein variert romsdalsnatur.

Elise Theoline er fascinert både når Hustadvika bles opp, og når morgonsola viser seg over blikk stille hav. Med hengekøya som hus kjem ho tett på naturen på heimetraktene til alle døgnets tider, og skriv om det på sin eigen blogg. Her er vandring mellom kvitveis like viktig for henne som sykling til fjells.

Vendepunktet
Elise Theoline vil oppsøkje og utfordre det ho er redd. Det er spanande å sjå korleis ho tilsynelatande uredd utfordrar elementa samtidig som ho fortel at ho er redd. Ho har nemleg vore redd både mørket, høgder og djupt vatn, men har erfart at det hjelper å møte det ho fryktar.

Med å bruke denne metoden får ho også ein idé om kva ho kan gjere for å bli kvitt skrekken for den avgjerande eksamenen. Men er det nok for å komme inn på friluftsstudiet? Er det heilt andre ting som stikk kjeppar i hjula for framtidsdraumen hennar?

Sendt tidlgigere.

Eigenproduksjon frå naturredaksjonen (2012)
Ein film av Per Jarle Heggdalsvik
Redaktør: Terje Dale
Kontaktadresse for presse, tlf: 414 28 800
Tv-sjåarane kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no , tlf: 815 65 900