Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 23. mai 2010 kl 19.35 Folk: Mi affære med Cliff Richard

Musikalsk kjærleik


Tida går, også for evig unge Cliff Richard. Når årets "Summer Holiday" så vidt er unnagjort, skal Cliff’en feira sin syttiande bursdag. Så kva er det som gjer at pikehjarte framleis bankar heftig for Cliff’en? Anten hjartet tilhøyrer ei som alltid har elska han, eller ei 29 år ung jente som har fått "Living Doll" på hjernen.

Har du ein melodi du nynnar i smug, ein artist du ikkje vågar å seie høgt at du elskar?

For kulturjournalist Rebecca Nedregotten Strand er Cliff Richard ein slik artist. Mannen bak udøyelege songar som "Living Doll", "Lucky Lips", "Summer Holiday" og "Congratulations".

Dei sa han var "for sexy for TV" då han debuterte som rockesongar saman med the Shadows, seint på 50-talet. Så vart han kristen, byrja eit liv i sølibat og vart svigermors draum. I dag utgjer middelaldrande damer størsteparten av fan-skaren hans, og for ein 29-åring er det pinleg å innrømme at ein elskar han. Når Cliff legg ut på sin siste verdsturne med musikarane i the Shadows og snart fyller 70 år, innser Rebecca likevel at det på tide å kome ut av skapet.

Og å finna likesinna. Første stopp er hjå mannen som aldri har svikta Cliff: Rune Larsen sitt liv vart forandra for alltid då han fekk si fyrste Cliff Richard-plate, og kjærleiken er framleis sterk - og arveleg…

På ei tilsynelatande uskuldig fotballbane i Bergen gjenopplever Rebecca tidenes Cliff-hysteri i Noreg – fortalt av Rune Larsen og Helge Nilsen som var skrekkslagne vitne då publikum storma scena og Cliff måtte røma for livet. Ho vitjar kvinna som var forelska i Cliff i ungdomen og framleis har han på heidersplass i stova. Samstundes møter ho dei som elskar å hate han og freistar å få svar på kvifor mange blir lattermilde når dei høyrer namnet Cliff Richard. Det blir ei reise i musikk, historie, litt avsky og masser av musikalsk kjærleik.

I programmet møter vi blant andre Alis Lorentzen, Jostein Pedersen, Helge Nilsen, Rune Larsen, i duett med barnebarnet Rebekka og Cliff på jukebox og Finn Bjelke.

Eigenproduksjon 2009
Programansvarleg: Rebecca Nedregotten Strand, tlf 48104924
Redaktør i Folk, Oddbjørn Rosnes, tlf 47815458
Pressekontakt , tlf: 975 25 287, 23 04 41 01
Tv-seere bes å kontakte Silje Marie Lien, tlf: 815 65 900