Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 17. mars 2009 kl 19.30 Ut i naturen: Fugleøya Runde

Skattejakt på Runde

Lundefuglen er ein av dei mange fuglane vi møter på Runde. (Foto: NRK)
Lundefuglen er ein av dei mange fuglane vi møter på Runde. (Foto: NRK)
Øya Runde i Herøy er eit skattkammer for fugleentusiastar, med hundretusenvis av fuglar fordelt på over 240 arter. Her var Oddgeir Bruaset i 1993 og filma i fuglefjellet. I kveld får vi eit gjensyn med denne øya full av dramatiske hendingar og spennande natur.

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til om lag 500 000 fugl, mellom dei lundefugl, havsule, krykkje, alke og lomvi. Skarveura ligg på nordsida av øya, og her finst ein av verdas største koloniar av toppskarv. I dei bratte grasbakkane på nord- og austsida finn vi eit stadig vaksande tal med havhest.

Skatter på havbunnen
I tillegg til å utforske fuglefjellet, tek Oddgeir Bruaset oss ned til skattene på havbunnen utanfor Runde.

Runde har nemleg ei lang historie med mange dramatiske hendingar knytta til vêret. Fleire forlis, nokre berre nemnde i segner, andre med store skattar som er berga, førde til oppføringa av Runde fyr. Seinare, i 1880, tok ei dramatisk ulukke med mange augnevitne livet av åtte personar, dei fleste av dei frå Runde.

I 1972 fann sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dal att vraket av Akerendam. Året etter blei staden undersøkt av Bergen Sjøfartsmuseum. Ein fann rundt 57 000 myntar, 6 600 av dei av gull.

Freding
Ein del av myntane blei tekne til Sjøfartsmuseet, ein annan til Myntkabinettet i Oslo, medan dei tre dykkarane fekk to tredelar av skatten. Sju prosent av funnet gjekk til den nederlandske staten. Funnet førde til ei lovendring som gjorde alle vrak eldre enn 100 år automatisk freda.

Naturdokumentar frå NRK Hordaland v/Oddgeir Bruaset
Redaktør: Terje Dale
Pressekontakt/programinformasjon: Helene Amlie, 23 04 77 51 / 95 10 02 99
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900