Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 7. februar 2010 kl 09.30 Språkteigen

Språket som forsvant

Korleis kan språk forsvinne?
Det forsvant i Fritz Moen-saka, seier litteraturvitar Bjørn Crister Ekeland. Han har studert norske justismord med retoriske briller, og konkluderer med at rettsvesenet manglar tolkande og retorisk kompetanse.
Bør ein endre timeplanen på juridisk fakultet? Korleis kan litteraturvitarar avsløre justismord der trente juristar ikkje finn noko?
Møt mannen bak doktoravhandlinga 'Rettferdige ord' i Språkteigen søndag.

Conquistadorane kom heim med meir enn gull og sølv frå det nye landet, dei plukka med seg nokre ord òg! Mange av dei finn me att i norske butikkhyller.
Det fortel språkforskar og tolk Eli-Marie Danbolt Drange.

Når blir ein gut ein mann? Er ein 16 år gamal kriminell ein mann, medan den jamgamle fotballspelaren er ein gut? Sylfest Lomheim svarar, som alltid, på lyttarspørsmål.