Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 29. desember 2009 kl 20.10 Veret som var

Varmt og vått

Programleiar Øyvor Bakke ser tilbake på veret, her frå ein særs heit dag. (Foto: NRK)
Programleiar Øyvor Bakke ser tilbake på veret, her frå ein særs heit dag. (Foto: NRK)
Korleis var veret i 2009? Programleiar Øyvor Bakke har samla reportasjar frå heile landet gjennom fire årstider. Bli med på kryss og tvers, og opplev veret som var. Du får eit gjensyn med hetebylgja i sommar, den rekordtidlege hauststormen og du skal få sjå at med rett ver kan faktisk is brenna.

Året 2009 var varmare og våtare enn normalt. Norge strekkjer seg langt frå nord til sør, og folk som bur her opplever store variasjonar i veret gjennom årstidene.

Vill vinter i nord og snørikt i sør
Året starta med kraftig uver i nord med vind opp i orkan styrke. Bygder og byar var lamma på grunn av uveret og folk måtte halda seg inne. Austlandet fekk mest snø og folk langs Oslofjorden opplevde pudderføre på skiturar heilt nede i sjøkanten. I skjergarden på Sørlandet blei folk avhengige av ferja for å komma seg ut på øyane ettersom isen la seg i det kalde veret.

Rekordmild vår
Våren var mild i år – særleg på Vestlandet. På tampen av april opplevde folk her og på Sørlandet og Austlandet rekordvarme. Temperaturen var 3,7 grader over normalen for april. Så varmt har det ikkje vore på over hundre år.

Sommar med hetebylgje og rekordtidleg hauststorm
Starten på sommaren 2009 var fantastisk i store deler av Sør-Norge. Hetebylgja skapte reine sydenstemninga. Men mens folk i sør opplevde tropenetter, måtte folk i Finnmark ta til takke med nattefrost og snø.

I slutten av juli skjer noko spesielt. Folk frå Rogaland til Østfold må by seg på den første hauststormen – rekordtidleg. Båtturistane søkte ly, medan målestasjonane registrerte liten eller full storm. Full storm i juli er heilt uvanleg. Dagane etter såg ein tydelege spor etter stormen som herja.

Haust - gjørmete syklistar og storm i brudekjolen
Tidleg på hausten var det både mildare og våtare enn normalt i Norge. Regnet sette sitt tydelege preg på Birkebeinerrittet. Deltakarane kom i mål våte og fulle av gjørme og skit. I Trøndelag og Nordland opplevde dei den våtaste september nokon sinne og bøndene sat att med rotne avlingar. Og når den første hauststormen kom i nord måtte ein trailer sjåfør trossa både stormen og køyreforbudet på Tjeldsundbrua – for å frakta ei brur over til brudgommen sin på andre sida.


Egenproduksjon 2009
Programleder: Øyvor Bakke
Produksjonsleder: Bjørg Langeland, mobil 93496759,
Pressekontakt: Sidsel Mundal, 414 52 326 / 23 04 92 82
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900