Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 onsdag 30. september 2009 kl 19.55 Folk: Sju jobbar, ja takk!

Utan prevensjon

Handelsmannen på Fjelberg, Stig Arild Fosse, har teke ei uvanleg beslutning – å slutte og selje prevensjonsmiddel. (Foto: Jan Inge Mevold Skogheim/Pandora Film AS)
Handelsmannen på Fjelberg, Stig Arild Fosse, har teke ei uvanleg beslutning – å slutte og selje prevensjonsmiddel. (Foto: Jan Inge Mevold Skogheim/Pandora Film AS)
Handelsmannen på Fjelberg har teke ei uvanleg beslutning: I den vesle landhandelen på øya skal det ikkje lenger seljast prevensjonsmiddel. Folketalet er i farleg fall – no må dei som kan gjera sitt for at det skal snu. Dette er alvor!

Stig Arild Fosse er ein uvanleg travel mann – sjølv til handelsmann å vera. Saman med kone og fire born har han funne si livsgjerning på Fjelberg, ei vakker lita fjordbygd midt mellom Bergen og Haugesund. Tjuefire timar i døgeret vert i minste laget når du er øysamfunnet sin einaste handelsmann, postbud, kjøtvareleverandør, spelmann og pubvert. Og litt meir når det krevst.

Med frykta som drivkraft
Det er frykta for at øysamfunnet skal bli avfolka som driv han. Folketalet minkar jamnt, og nå har han bare 108 fastbuande som handlar i butikken. Stig Arild og kona Hanne Lise har tre gutar frå før, og midt i travlaste handelsmånaden blir veslejenta fødd. Då er det kanskje ikkje heilt overraskande at han gløymer kva ho heiter. «Julianna.....nei, Lillianna» rettar han det til - etter eit irettesetjande blikk frå Hanne Lise. Kanskje har han lov til å snubla litt i namna, for då har arbeidsdagen vard i 34 timar.

I kveldens «Folk» tek me deg med til øysamfunnet Fjelberg midt i juli når det er på det livlegaste med båtturistar som både handlar i butikken og kjem inn på puben om kvelden. Der spring Stig Arild mellom ølkrana og synthesizeren og mikrofonen. Det er nemleg musikar han eigentleg er!

Norsk dokumentar (2009)
Produsert av: Pandora AS
Programansvarlig: Geir Rommetveit, Pandora Film AS, mobil 915 32 356
Programredaktør: Oddbjørn Rosnes, tlf 478 15 458
Pressekontakt: Silje Marie Lien, tlf 23 04 41 01/975 252 87
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900