Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 1. februar 2011 kl 19.45 Ut i naturen: Jervemannen

Beskyttar og banemann


Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn er både jerven sin beskyttar og banemann. Han har fått denne rolla fordi Stortinget har bestemt at jerv, sau og tamrein skal leve i same fjellområde her i landet.

Konflikten blir tydeleg når tusenvis av beitedyr må dø. Derfor har vi jakt på det totalfreda dyret, for å halde bestanden nede. Det er vedtatt at 39 jervetisper kan få ungar her i landet kvart år.

Ein krevande jobb
Fjelloppsynsmannen har ein jobb som krev tålmod når han skal skaffe seg oversikt over kor mange jervar som lever i fjella i Møre og Romsdal. Han må finne alle hiplassane, og i tillegg samlar han inn skitprøver som gir DNA-spor. Slik kan han følgje med kvar enkelt jerv i fjellet.

Kontroversielt
Vi er med Lars Olav Lund i helikopter for å finne og avlive overtallige jerv. Spesielt dramatisk blir det når ei jervetispe får ungar utanfor det som er lovleg yngleområde. Då får han i oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning å grave ut hiet og ta livet av både mora og ungane. Korleis opplever fjelloppsynsmannen denne sida av jobben?

Egenproduksjon fra 2011
Programansvarlig: Per Jarle Heggdalsvik, tlf. 957 45 919
Produksjonsleder: Bjørg Langeland, tlf 55 27 57 08 / 93496759
Redaktør: Terje Dale
Pressekontakt: Sidsel Mundal, 414 52 326 / 23 04 92 82
TV-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900 info@nrk.no