NRK1 søndag 3. mars 2013 kl 20.15 Tilbake der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Spanande gjensyn
![]() |
Heile 60 program i serien «Der ingen skulle tru
» har rulla over skjermane i 10 år. No markerer NRK jubileet ved å sende fire ekstra program. Der møter vi att folk som har vore med i programma, for å høyre kva som i ettertid har skjedd på dei ulike stadene.
Endringane har vore til dels store, og vi har oppsøkt dei stadene der dei har vore størst. Somme av dei som har vore med, har gått bort, andre har flytt, heilt eller delvis, atter andre har hamna i ein ny livssituasjon – iblant på grunn av programma.
I det første programmet skal vi innom fire stader, Vassvika i Sørfold, Skåri i Sogn, Åsligrenda i Valdres og Nyksund i Vesterålen.
I den veglause grenda Vassvika i Sjunkfjorden , der vi var i 2004, levde to familiar. No er berre to tilårskomne menn att. Men dei som drog, blant dei ei ung kvinne frå Kina, lever i næraste bygd medan ungane går på skule. Elles er dei tilbake i Vassvika så ofte dei kan. Dessutan har Ti Xiang frå Kina opplevd oppsiktsvekkjande endringar i livet sitt. Det er mest som eit eventyr
På Skåri i Luster i Sogn var husdokter Geirr Vetti godt i gang med å byggje oppatt eit gardstun som låg i ruin, då vi besøkte han i 2007. Han hadde to sherpaer frå Nepal til å hjelpe seg med å bere stein og byggje steinmurar, og han stod fram og fortalde at han var i beit for ei kvinne som kunne vere budeie, eller aller helst gardkone. Byggjer han framleis hus, ber sherpaene stein enno, og har han lykkast i jakta på eit høveleg koneemne?
I Åsligrenda hadde Kari Nøssvold funne seg ein mann, og ho var med barn sommaren 2005. Men gardbrukaren sleit med både Tine og Mattilsynet. Tankbilane til Tine ville ikkje køyre den svingete vegen til Nøssvold, for det var for mange grinder som måtte opnast. Dermed måtte Kari yste ost og kinne smør av mjølka. Men Mattilsynet nekta å godkjenne produkta hennar som menneskemat. Ein fjernsynssjåar reagerte og bestemte seg for å ruske opp i byråkratiet. Greidde han det?
Nyksund, det lenge avfolka fiskeværet langt nord i Vesterålen, var i 2007 blitt heimstad for fire unge damer. Dei kjende ikkje kvarandre, dei visste ikkje om kvarandre då dei kom, men dei skapte eit heilt spesielt samhald og miljø. «Alle skulle hatt eit Nyksund i livet sitt,» sa dei og lovprisa staden, sjølv om forfallet kring den gamle hamna var stort. Korleis ser det ut i Nyksund i dag? Har damene fått mannleg selskap, bur dei der framleis, eller drog dei like fort som dei kom?
Egenproduksjon, 2012.
Del 1 av 4.
Reporter: Oddgeir Bruaset
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no, tlf 414 28 800
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900