Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 25. januar 2009 kl 18.03 Folkemusikktimen

Scenisk musikk - Stinnerbom

Forestillinga må både ha det ville og energirike, men også det lyriske og draumande…

- Å få det til å flyte saman er målet, seier 31 åringen Magnus Stinnerbom frå Sverige. Han er komponist for den nyskrevne folkemusikken til Shakespeare siste skodespel "Stormen". Folkemusikk er utgangspunktet, fordi det er hans uttrykk. Heilt sidan han var liten har det vore speling og dans i heimen. Far hans spelemann Leif og mor Inger gjorde at folkemusikken var noko han blei fødd inn i. Men så kom tenåra, langt hår og rock. Det var fyrst i femten års alderen då han kom i klasse saman med Daniel Sandén-Warg at tradisjonsmusikken kom fram att. – Me kjende oss tøffe nok til å like folkemusikk. Det var oss to mot resten av verda, men då vart det også litt kult, seier Magnus og ler i det han minnast ungdomstida.

Trommesettet vart bytta ut med fela og i dag lever han av å vere frilansmusiker og komponist. Han har komponert musikk til om lag 35 forestillingar fram til no, men korleis tenkjer han? Korleis blir han inspirert? Og kvar er han når tonane og lydane kjem? Kva hender når musikken møter skodespelarane? Eg møter han i ein sliten sofa inne på lydstudioet på Riksteateret i Oslo. Han røpar at magekjensla er sterk og at han ikkje lengre treng å snakke saman med far sin Leif. Grunnen er at begge veit kva den andre tenkjer. Dei er begge opptatt av heilskapen, at musikk, replikkar og skodepelarane skal uttrykke ein flyt. Mor hans Inger designar og syr kostyme og far hans Leif er regissør. Når han vil fortelle eventyrfabelen til Shakespeares, legg han inn eit spennade møte mellom norsk og samisk kultur som ein ny dimmensjon i historia. Men kva er utgangspunktet for at han gjer det slik? "Stormen" har premiere i Hammerfest 24. januar og med 52 forestillingar dreg dei frå nord til sør.

Ei anna forestilling i desse dagar er "Andvake". INTROFOLK-vinnar i fjor var Benedicte Maurseth frå Hardanger. No har ho laga musikk til Jon Fosse sine ord. Folkemusikktimen får prøvesmake på musikken som smeltar saman med replikkar av Svein Tindberg på det Norske Teateret. "Andvake" har premiere 28. januar.

Hugs reprise i Folkemusikktimen er endra til tysdag kl 20.30!!!
Om du har lyst å høyre Folkemusikktimen igjen, klikk deg inn på: www.nrk.no/folkemusikktimen (programmet ligg i 3 veker). Tips/ kommentarar/ spørsmål, send mail til: folkemusikk@nrk.no

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.