Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 mandag 17. september 2007 kl 21.03 Folkemusikktimen

Lur og Bukkehorn

Ser du på kalenderen din har me akkurat passert 14. september. Merkedagen "Krossmess". Dagen då alle drog heimatt frå støylen med buskapen sin etter ein lang sommar med gjeting i fjellet. Lur og bukkehorn er urgamle instrument. Frå å vere skremmeinstrument mot villdyr, har dei utvikla seg til å bli lokke- og kommunikasjonsmiddel mellom dyr og menneskje. Du høyrer signala på kilometerlange avstandar i skogen og fjellet.

Lur, bukkehorn og lokking er funksjonsmusikk knytt til støylslivet. Men i dag brukast dei ofte i andre samanhengar – på konsertscener og events. Folkemusikktimen tar deg med til Hallingdal for å møte folkemusikar Eilif Gundersen - levande besatt av dei urgamle instrumenta som me bare har funne nokre få restar av i nedteikna materiale bl.a. i Hallingdal. Musikar Jørn A. Simenstad frå Oslo har akkurat tatt over leiarvervet i Norsk Lur-og Bukkehornlag etter at Eilif Gundersen har hatt klubba i 11 år. Du kjem litt på innsida av dei to og får oppleve lur og bukkehorn tett-på…

Du høyrer Ragnhild Furebotten – ung felespelar frå Nordland. Ragnhild kjem frå Saltdal i Nordland og starta å spele då ho var 5 år gamal. Du kjenner ho frå folkemusikkgruppene: "Majorstuen", "Hekla Stålstrenga" eller gruppa "Fotefar". No er ho landsdelsmusikar i Troms og bur i Jutulstad i Målselv. Ragnhild Furebotten er 28 år gamal og plateaktuell med si fyrste soloskive "Endelig vals". Plata er sett saman av tradisjonelle nordnorske slåttar + eigne komposisjonar. www.furebotten.com

Her kan alt skje! Høyr Folkemusikktimen!

Programleiar: Tone Jorunn Tveito