NRK1 fredag 13. juli 2012 kl 18.10 Norsk attraksjon
Utanfor den vanlege turistløypa
![]() |
Ein konge i kloakken, eit busskur som ingen kan ramponere og ei kanonkule på heilag grunn. Det er tett mellom utrulege, men sanne historier i dette programmet.
På Bjørnevatn i Sør-Varanger vart busskuret i si tid så ramponert at folk nesten ikkje visste si arme råd. Men berre nesten, for i dag har dei verdas mest ramponeringssikre busskur. Eit så fantastisk syn at det til og med er verna av Riksantikvaren. Linda Eide stig også ned i den trondheimske underverda på jakt etter leivningane til ein av noregshistorias største kongar.
Bonnie Tyler
I dette programmet spelar også den verdskjende noregsvenen Bonnie Tyler ei betydeleg rolle. Det fins nemleg koplingar mellom ein signatur skrive på ei berghylle i Halden, og den folkekjære walisiske artisten. Det handlar om den aller fyrste noregsvenen og den aller største noregsvenen. Men vil Bonnie Tyler få medalje for lang og tru teneste? Det er i alle fall det Linda Eide prøver å få til.
Kula i veggen
Og så er det historia om danskekongen som prøvde seg på tidenes frekkaste og sleipaste bakhaldsangrep. Det er over 350 år sidan der skjedde, men kanonkula i domkyrkjeveggen heng der enno.
Linda Eide utfordrar høgdeskrekken og er millimeter frå eit gummibåtforlis i jakta på den sanne historia om slaget på Vågen i Bergen.
Om serien:
Norsk attraksjon trakkar utanfor den vanlege turistløypa og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte program guidar Linda Eide oss til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi.
Bli med på ei reise inn i eit Noreg som ingen har bede deg om å hugse, men som du aldri kjem til å gløyma. Det blir kuldesjokk i Karasjok, Leif Ove Andsnes på ustemt flygel, ei heftigare brudeferd enn den i Hardanger, nærkontakt med ville dyr og mykje meir i denne tredje sesongen av suksesserien Norsk attraksjon.
Programmet er sendt tidligere.
Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, Tlf 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900