P1 søndag 22. april 2007 kl 11.03 Gudstjenesten
Radiogudstjenesta
![]() Valestrand kyrkje |
Gudsteneste frå Valestrand kyrkje, Hordaland.
2. s. e. påske: Joh. 10, 11-16.
Preken: Fartein Valen-Sendstad.
Liturger: Arild Steinsland og Kolbein Espeset.
Kantor Ole Jørgen Furdal.
Norsk salmebok: 311. 319. 195. 657. 202.
Gudstjenesten markerer årets Valenfestival i Sveio.
Solister: Ebba Rydh og Bettina Smith.
Musikere: M. Larson, K. O. Mikkelsen, K. Zwincky og M. Zwincky.
Salmene overfor i samme rekkefølge som numrene:
Himmelske Fader
Min Hyrding er vår Herre Gud
Livet vant, dets navn er Jesus
Vi bærer mange med oss i dag
Lov Jesu namn og herredom
Om Valenfestivalen
Den årlege Valenfestivalen blir avvikla i tida 18.-22. april 2007. Det er ein kammermusikkfestival i Haugesund og Sveio.
Preika på avslutningsdagen er ved Fartein Valen-Senstad.
Valen-Senstad var med i utvalet som greidde ut spørsmålet om biobanker, som blant anna konkluderte med at materialet i biobankane er ein del av eit individ og at det derfor blir omfatta av respekten for menneskeverdet.
Høyr gudstenesta frå Valestrand kyrkje 22. april.
Om kyrkja
Kyrkja i soknet er nemnd første gong i 1567, den gongen var det ei stavkyrkje. I 1707 kom ei ny kyrkje på same staden (Valen) som den gamle. Byggmeistrar var Johannes Raknes og Ole Birkeland.
Kyrkja vart riven i 1873 da det kom ei ny kyrkje i soknet bygd i i tre.
Ho er ei langkyrkje og har plass til 480 besøkjande.
Altartavla har eit motiv frå forteljinga i Matteus ev. 14, 30 om den gongen Jesus og læresveinane var på sjøen og det storma. Det er Peter som ropar: "Herre, frels meg!", og han får halde Jesus i handa.
Det finst ei kyrkjeklokke frå 1810 støypt av Henrjch Grøtchl. J Bergen.
Orgelet er berre 18 år gammalt og er bygd i Utrecht i Nederland i 1986.
Om komponisten
Komponisten Fartein Valen var frå bygda, og kvart år er det Valendagar på Haugalandet.
Heimen til komponisten Fartein Valen (1887-1952) ligg i Valevåg.
Her er det ope for omvisning frå ca. 20. juni til 20. august.
I arbeidrommet står Fartein Valen sitt eige piano som mellom anna er i bruk ved dei årlege Fartein Valen-dagane.
Fartein Valen ligg gravlagt ved ei av dei andre kyrkjene i prestegjeldet, Valen kapell.
Opplysningane er henta frå ulike kjelder, m. a. Norsk kyrkjeleksikon og heimesidene til Valendagane.
2. s. e. påske: Joh. 10, 11-16.
Preken: Fartein Valen-Sendstad.
Liturger: Arild Steinsland og Kolbein Espeset.
Kantor Ole Jørgen Furdal.
Norsk salmebok: 311. 319. 195. 657. 202.
Gudstjenesten markerer årets Valenfestival i Sveio.
Solister: Ebba Rydh og Bettina Smith.
Musikere: M. Larson, K. O. Mikkelsen, K. Zwincky og M. Zwincky.
Salmene overfor i samme rekkefølge som numrene:
Himmelske Fader
Min Hyrding er vår Herre Gud
Livet vant, dets navn er Jesus
Vi bærer mange med oss i dag
Lov Jesu namn og herredom
Om Valenfestivalen
![]() Fartein Valen-Sendstad (foto: Edvin Reiersen - for NRK) |

LENKER |
|