Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 26. februar 2012 kl 20.15 Fjellfolk


Sigrid brølar med hjortebukkane, Kjell samlar tusenvis av rein til slakting, Andreas strevar for å kome seg i form til sesongen, Ralph og Katja har adoptert utbrytarkongen Lukas og Solbjørg stenger turisthytta etter sesongen.

Om serien
Vi møter menneske som ikkje skil seg så mykje frå den jamne nordmann, men som treng fjell, vidder og luft rundt tankane for å kjenne at livet er godt.

I serien møter vi fire personar og ein famlilie i kvar episode. Nokre av dei lever av å vere i fjellet, andre lever berre for det.

Fjellfolka er:
Kjell Nyøygard (41) – Reinsgjetar, fjellførar og jeger med eit livslangt kjærleiksforhold til Jotunheimen og heimefjella sine i Lom.

Sigrid Henjum (28) – kajakkpadlar, klatrar, skiløpar, kokk, jeger og eventyrar. Likar å leike der der er kaldt, bratt, høgt og luftig.

Solbjørg Kvålshaugen (46) – hjarte, sjel og vertinne på turisthytta Fondsbu på Eidsbugarden.

Familien Krüger/Getsch – Ralph (40), Katja (38), Ronja (10) og Svenja (4) har flytta til Norge frå Tyskland på leiting etter frisk luft og det gode liv. Dei meiner dei har funne det.

Andreas Haslestad (38) – ein av norges mest etterspurte førarar på fjell, snø og bre. Familiemann som gjer det han kan for å vere ein god far i eit omflakkande tilvære.

Vi følgjer dei frå seinsommar til vinter, gjennom utfordringar, uver, små gleder, store adrenalinrush og slåande naturopplevingar.

Eigenproduksjon
Prosjektleiar: Roy Raasholm Fauske
Kontaktadresse presse: presse@nrk.no
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900