Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 4. februar kl 22.10 Lysleite

Den vakre mørketida


Mange synst at mørketida er tung og trist, men for filmfotograf Tor Sivertstøl er ho veldig fasinerande og har fått eit altfor dårleg rykte. No vil han hylle mørketida med ein film.

Det er etter at haustfargane har bleika, og når november byr på det tunge uttrykket sitt, at Sivertstøl likar seg som best. Han har i mange år vore fotograf på serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og har opp gjennom åra, saman med Oddgeir Bruaset, reist rundt i det langstrakte landet vårt. No tek han turen åleine.

Reisa går frå Vestlandet til Vesterålen, og på turen møter han andre personar som også har eit spesielt forhold til mørketida: kunstmalarane Ørnulf Opdahl og Nina Beyer, kunstfotograf Gry Molvær, som er mest kjend som tidlegare programleiar/journalist i NRK og hobbyastronom Egil Enaasen frå Sortland.

Desse fire viser at mørketida ikkje berre er regnfull og grå. Dei har alle kvar sine spesielle innfallsvinklar til korleis bruke mørketida kreativt. Det handlar om å sjå det smale lyset som finst der ute.

Og kanskje du og, etter å ha sett denne filmen, set meir pris på dei mørke månadane her i Norge?

Norsk dokumentar (2013)
Produksjon: Tindefilm
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no, tlf 414 28 800
TV-seere kan henvende seg til Publikumsservice, tlf: 23 04 70 00