Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 25. juli 2010 kl 19.45 Norsk attraksjon

Sterke scener i Hol kyrkje


Ein full prest og ein tissetrengt programleiarar er berre toppen av isfjellet i dette femte programmet, der det utan tvil må åtvarast mot sterke scener i Hol kyrkje.

Programleiar Linda Eide har nemleg fått med seg Knut Medhus for å gjenskape eit historisk augneblink i kyrkjehistoria i Hol. Dei skal opna det nær 170 år gamle pissoaret i Hol kyrkje på nytt.

14 meter høg
Linda Eide tek og sterke verkemiddel i bruk for å hindre at ei landsomfattande gatekunstutstilling, som har vore open heilt sidan sekstitalet, blir tatt ned.

Sykkelfantast Eide har berre delvis lukka med seg når ho siklande prøver å leige landets eldste pedaldrivne sykkel. Men kvifor står det ei 14 meter høg solsikke i ein kommune på Sunnmøre, og kvifor er det ingen som kan stoppe Linda Eide i å gjere endå meir kriminelt i beste sendetid?

Om serien
"Norsk attraksjon" er tilbake med fleire attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka. Med Linda Eide som guide og reiseleiar legger vi ut på ei reise i hyggeleg norsk galskap – til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar programleiar Linda Eide opp ved det andre dreg forbi.

Sendt tidligere.

Egenprodusert underholdningsserie (2009)
Programleiar: Linda Eide, linda.eide@nrk.no
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge, kristin.helgeland.hauge@nrk.no
Pressekontakt: Silje Marie Lien, 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 info@nrk.no