Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 20. september 2011 kl 20.15 Folk: Dronning i dag, tiggar i morgon

Vaksne som leikar


Trudde du leik berre er for born? Då tek du feil.
Anita Myhre Andersen (40) er lærar, men ho har òg vore dronning, mordar, tiggar, FBI-sjef, hulder og saloonvertinne.


På 80-talet oppstod levande rollespel, skapt av vaksne som sjølve ville dikte og spele ut eventyret. Alt ein treng er nokre kostymer og kulissar. Ein får utdelt ei rolle og eit plott, så improviserer deltakarane handlinga vidare.

Anita Myhre Andersen har minst 100 rollespel bak seg, og ho har rikeleg med leikekameratar. Sidan den spede starten på 80-talet samlar i dag dei største rollespela fleire hundre deltakarar.

Men nokon leikar i smug
For å teste ut levande rollespel, blir NRK-reporter Gøril Grov Sørdal og fotograf Anette Berentsen med Anita på eit mordmysterium i Bergen. Gøril og Anita skal delta, medan Anette filmar.

Men fleire av venene til Anita takkar nei til å bli med. Dei vil ikkje leike på TV. Dei fryktar for sitt gode namn og rykte om sjef og kolleger får sjå dei rollespele.
Vaksne skal jo vekse av seg leiken. Kvifor er det slik?
Kva er me redde for?

Er det så farleg då?
Redsla for å virke barnsleg er ein gammal kjenning for reporter Gøril Grov Sørdal. Ho ynskjer å framstå som vaksen og seriøs, men har bokhylla full av teikneseriar og fantasybøker om alvar, troll og magikarar. Kvifor er det så vanskeleg å stå inne for det ein likar best? Kan ein god dose leik kurere Gøril?

Med Anita som guide kastar Gøril seg ut i levande rollespel, til ein kveld full av intriger, sladder, renkespel og mord!

Egenpordusert (2011)
Programskaper: Gøril Grov Sørdal, Anette Berentsen og Alexander Vollevik Larsen i NRK Hordaland.
Redaktør: Oddbjørn Rosnes: 478 15 458
Pressekontakt: Silje Marie Lien, tlf 23 04 41 01/975 252 87
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900