Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 25. februar 2012 kl 20.55 Norsk attraksjon

Utanfor den vanlege turistløypa


Eit kunstverk som krev at du kler på deg bastskjørt og kamskjell-bh, ei historisk bru som vart til ei fiskestong, ein golf-revolusjon med røter ein liten norsk kystkommune, og eit piano som vart ein fantastisk fiasko. Dette står på "Norsk attraksjon" sin avslutningsmeny. Og for ikkje å gløyma det norske ikonet, matpakka! Når oppstod den og kvifor?

Linda Eide tek sin siste attraksjonstur i sin berømte grilldress. Og for ein en tur! Her blir det naken hud, fisketradisjonar, sport, mat og ikkje minst det store høgdepunktet: ein hyllest til Ole Bulls aller dårlegaste ide. Det musikalske geniet Ole Bull ville laga det fantastiske flygel, eit instrument som skulle overgå alle andre instrument. Det gjekk som det måtte gå. Men "Norsk attraksjon" utfordrar den musikalske regelen om at alt må vera stemt. Må ein bruka så mykje tid og krefter på den perfekte tonen? Kan ei sur musikkoppleving også gjera folk glade? Linda Eide stiller med skuleblokkfløyte og akkompagnatør i verdsklassen, ingen ringare enn sjølvaste superpianisten Leif Ove Andsnes. Saman tek dei sur musikk til nye høgder.

Om serien
"Norsk attraksjon" trakkar utanfor den vanlege turistløypa og syner deg det du ikkje finn i guideboka. I åtte program guidar Linda Eide oss til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar ho opp ved det andre dreg forbi.

Bli med på ei reise inn i eit Noreg som ingen har bede deg om å hugse, men som du aldri kjem til å gløyma. Det blir kuldesjokk i Karasjok, Leif Ove Andsnes på ustemt flygel, ei heftigare brudeferd enn den i Hardanger, nærkontakt med ville dyr og mykje meir i denne tredje sesongen av suksesserien Norsk attraksjon.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Presseansvarlig: Irene Elisabeth Rossland, Tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900