Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 mandag 15. september 2008 kl 21.03 Folkemusikktimen

Aleine med felene – Anne Hytta


Orda kjem frå spelejenta Anne Hytta i raudstua oppe i andre etasje på Borgja gård. Du kan høyre i veggane at her har det vore spelemenn før ho… - Dette her er ei skjør dame frå 1860. Ho er ei Eirik Johnsen Helland fele. Ho har vore i eige av både Myllarguten og Lars Fykerud i ein kort periode. Det undrar meg ikkje om denne fela har vore på Borgja før, seier Anne Hytta til sitt lydhøyre publikum under Telemarksfestivalen i Bø. Ho lirkar litt meir på hardingfela si og så startar ho på trollstilt med slåtten Kivlemøyane…

Anne Hytta høyrer til dagens fremste yngre hardingfeleutøvarar. Ho er fødd i Sauland, og då er det naturleg at løndalsspelet frå Tuddal høyrer til hovudrepertoaret hennar. Sjølv fekk ho gå i lære hos Einar Løndal (1914-2006). Me veit at Løndalsspelemennene treivst godt i Bø, og hadde stor respekt for spelemenne her. Storspelemannen Lars Fykerud (1860-1902) som var den gjevaste gjesten dei fekk på Borgja, var også den beste spelemannsvenen og det store førebiletet for Svein Løndal (1864-1949). Når no Anne Hytta skal halde konsert på Borgja, vil fykerudslåttar igjen klinge her, men denne gongen slik dei har blitt utforma etter tre generasjonars bruk i Tuddal. Ein musikalsk ring vert soleis slutta på Borgja denne dagen.
Hytta er ein svært allsidig musikar, som opererar innan fleire sjangrar og ho komponerer ny musikk (m.a. bestillingsverk til Telemarkfestivalen i 2004). Ho har motteke statens kunstnarstipend, og fekk Folkelarmprisen i 2004 for si første soloplate "Dag, kveld, natt". I 2007 og 2008 er ho plateaktuell med trioen Slagr og gruppa Sym.

Musikkopptak ved Inger Kvalvik og Arne K. Dypvik. Takk til Rita og Eivind Eckbo som har laga i stand raudstua på Borgja gård og opnar huset sitt for felepublikumet under Telemarksfestivalen…

Om du har lyst å høyre Folkemusikktimen igjen, klikk deg inn på: www.nrk.no/folkemusikktimen og så velger du sendedato 15. september. Tips/ kommentarar/ spørsmål, send mail til: folkemusikk@nrk.no

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.