Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK2 søndag 11. april 2010 kl 23.15 Film: Metropolis

Basert på klassisk japansk teikneserie

Menneska fryktar maskinene i det futuristiske samfunnet i den klassiske japanske fortellinga illustrert av Osamu Tezuka (Foto: Tri Star Pictures)
Menneska fryktar maskinene i det futuristiske samfunnet i den klassiske japanske fortellinga illustrert av Osamu Tezuka (Foto: Tri Star Pictures)
Vakker animasjon om det konfliktfylte forholdet mellom robotar og menneske i framtida. I lys av dette forholdet blir det bestilt ein superrobot som skal ta over verda. Roboten oppfører seg ikkje heilt som venta.

I den store byen Metropolis bur det både menneske og robotar. Forholdet mellom innbyggjarane av kjøtt og blod og dei som er laga av metall, er sterkt prega av at menneska fryktar maskinene. Menneska og robotane lever i eit strengt åtskilt samfunn. Duke Red er den mektige leiaren som har oppdaga ein superavansert robot som heiter Tima. Men Duke Reds valdelege son, Rock, avskyr robotane og bestemmer seg for å finne Tima og øydeleggje han.

Metropolis er ein energisk animasjonsfilm med oppsiktsvekkjande effektar og actionsekvensar på ein storslått bakgrunn. Filmen har ein visuelle styrke som rett og slett er ein fest for auga! Historia er basert på ein klassisk teikneserie av Osamu Tezuka - teikneseriens gudfar i Japan.

Japansk/russisk animasjonsfilm frå 2001
Regi: Rintaro.
Med Yuka Imoto, Kei Kobayashi, Kohki Okada, Taro Ishida og Kousei Tomita m.fl.
Produksjon: Tri Star Pictures
Pressekontakt: Sidsel Mundal, 414 52 326 / 23 04 92 82
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900