Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 mandag 4. august 2008 kl 21.03 Folkemusikktimen

Camilla Granlien Band

- Eg likar det triste i folkemusikken, smiler ho og ler. Camilla Granlien Band har nærast blitt ein slager på NRK P1 med melodien "Ei naki grein" sidan plata "Jarnnetter" kom ut rett før jol. For tredje året på rad, toppa Camilla Granlien frå Ringebu Spelmannslag den høgaste klassa for vokal folkemusikk på Landskappleiken. I år var kongepokalen i denne klassa og Camilla kunne lukkeleg ta han med seg heim. – Publikumet på Landskappleik er krevande. For meg blir det som å teste meg sjølv. Eg gløymer det som gjekk dårleg og hugsar det som går godt, seier ho.
Folkemusikktimen møter ho på Telemarksfestivalen i Bø. Ho er i Låven på Skogen gård og det er like før konsertstart. Her får du konserten som Camilla Granlien Band framførte for eit forventningsfyllt publikum i tillegg til intervjuet der ho fortel om inspirasjonen, kvifor folkemusikk, påverknad, læremeistarar og sekser i VG...

Om du har lyst å høyre det igjen, klikk deg inn på: www.nrk.no/folkemusikktimen og så velger du sendedato 3.august. Neste sundag kjem det sending frå Nordafjells på EBUs Intenasjonale Folkemusikkfestival i Moskva.

Musikkopptak ved Inger Kvalvik og Arne K. Dypvik.
Tips/ kommentarar/ spørsmål, send mail til: folkemusikk@nrk.no

Programleiar: Tone Jorunn Tveito.