Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK2 søndag 17. juni 2012 kl 22.45 Film: Shooting Dogs

Film: Shooting Dogs


April 1994. Rwanda er på randa av borgarkrig. Plutseleg bryt helvete laus, og hutu-milits byrjar brutalt å slakte ned tutsiar. Tusenvis av tutsiar søkjer tilflukt på ein engelsk misjonsskole i hovudstaden Kigali, der ein liten belgisk FN-delegasjon også er stasjonert.

Men tryggleiken frå FN-soldatane viser seg å vere syltynn. Tutsiane opplever at heile verda vender dei ryggen. Og utanfor det spinkle gjerdet samlar hutuar seg med bloddrypande machetar. Filmen er basert på verkelege hendingar under folkemordet i Rwanda og innspelinga er gjort på skolen der det verkeleg skjedde. Mange av dei involverte i filmen opplevde folkemordet på kroppen og mista fleire av sine nærmaste under tragedien.

Sendt tidligere.

Britisk drama frå 2005.
Regi: Michael Caton-Jones
Med John Hurt, Hugh Dancy, Dominique Horwitz, Louis Mahoney, Nicola Walker og Steve Toussaint.
Kontaktadresse for presse: Presse tlf 414 28 800
TV-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900 Publikumssevice