Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 26. februar 2008 kl 19.30 Ut i naturen: Magasin

På livet laus i blåst

Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe og programleiar Monika Blikås gir seg uvêret i vald ytst i Romsdalen. (Foto: Per Jarle Heggdalsvik, NRK
Statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe og programleiar Monika Blikås gir seg uvêret i vald ytst i Romsdalen. (Foto: Per Jarle Heggdalsvik, NRK
Langs vêrharde, opprivne berg ut mot havet kjempar to personar seg fram på sykkel. Den eine blir utsett for orkan og stormflod, den andre forklarar kva som skjer når uvêret herjar. Bli med til ekstreme Hustadvika!

Terje Alsvik Walløe, kjend meteorolog frå tv, og Monika Blikås, programleiar i Ut i naturen, gir seg uvêret i vald ytst i Romsdalen.

Kva er eigentleg ein orkan? Og kvifor blir den så sterk og øydeleggjande? Kva skjer når stormflo og springflod kjem samtidig? Og korleis klarar krykkjene å klamre seg fast i fuglefjellet når stormane rasar?

Vi gir deg nokre svar langs den berykta Hustadvika på Romsdalskysten, der vêrskifta kjem brått og vinterstormane får ekstra godt tak.
Krangel i matfatet
Vinteren er ei tøff tid å komme gjennom for mange, ikkje minst for dyra. Når det røyner på som verst med kulde og matmangel, er det dei svakaste som må bøte med livet. Men når nokon bukkar under, hjelper det andre til å overleve.

Ut i naturen viser unike bilete av rev og kongeørn som kranglar om det same åtselet i vinterskogen.
Vintertre
Våre vanlegaste tre er lette å kjenne att om sommaren, når dei har blad. Men kor enkelt er det å kjenne dei att om vinteren når dei står der heilt nakne? Hanne Aass tek med seg skogøkolog Rune Aanderaa ut i skogen for å sjå på typiske kjenneteikn på tre om vinteren. Kanskje må dei også bruke andre sansar enn berre synet…

Program frå Naturredaksjonen, NRK Hordaland
Programleiar: Monika Blikås, tlf 478 17 396
Redaktør: Terje Dale, tlf: 91 53 24 30 terje.dale@nrk.no
Kontaktperson: Steinar Dahl, tlf 23 04 74 57 (steinar.dahl@nrk.no)