Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 4. januar 2009 kl 20.00 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Kirkefjorden i Lofoten

Lofotværingen Oddvar Berntsen i Kirkefjord er einaste mannen igjen i støa. (Foto: NRK)
Lofotværingen Oddvar Berntsen i Kirkefjord er einaste mannen igjen i støa. (Foto: NRK)
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – fjernsynsserien om folk som lever i dei ytste utkantane, og som finn meining med det, er tilbake. Først skal vi møte den einaste som lever att i Kirkefjorden, ein vestvend fjordarm utanfor Reine i Lofoten.

I seks søndagar framover tek Oddgeir Bruaset oss med til avsidesliggjande stader, der menneske framleis lever. I Kirkefjorden – eller Kjerkfjorden som er det lokale namnet – sprengjer seg inn mellom dei stautaste og staselegaste fjella landet vårt har å vise fram.

Veglaust mismod
Vakkert og vilt hadde dei det, dei rundt 300 menneska som fram til dei første etterkrigsåra budde inne i botnen av Kirkefjorden, ein liten halvtimes båtreise frå Reine. Her levde dei som fiskarbønder. Medan mennene var på havet og henta fangsten, stelte kvinnene ungar og dyr og stod i sjøbuene og tok hand om fisken. Her var krambu og skulehus, her var samhald og venskap, og folket levde i eit makelaust fjordlandskap. Men eit storfelt utsyn var ikkje nok til å få dei til å bli. Dei ville ha veg, og då dei ikkje fekk det, reiste dei ein etter ein. Til sist var den pensjonerte fiskaren Oddvar Berntsen den einaste att i Kirkefjorden.

Einsam-livet
Framleis tek han seg ein og annan turen med sjarken når torsken sig inn på etterjulsvinteren, eller når han treng kokefisk til eige matbord. Elles stullar han rundt husa, vøler og steller. Etter snøtunge vinternetter fresar han opp vegen gjennom været, slik at han sjølv skal kunne ta seg ein tur etter kjende stigar, og slik at ein og annan utvandrar som kjem med rutebåten for å sjå til husa, skal komme seg fram på folkeleg vis.

Så er det å få mat på bordet og å vaske opp når magen er mett, å ta seg ein tur ned til kaia når båten og avisa er ventande og å få med seg siste nytt frå fjernsynet om elendet ute i verda. Kanskje blir det også ei kveldsstund med den gamle boka han i alle år har funne trøyst i. Dei fleste dagane kjennest gode, sjølv om han titt blir fylt av vemod når han vandrar etter vegane og minnest korleis her ein gong var og korleis her no står til. Mykje hadde vore lettare om han hadde nokon å dele livet med. Men han var ikkje blant dei som stod fremst i køen framfor grautfatet, og no er det for seint å gjere noko med det.

Dokumentar fra NRK Møre og Romsdal (2009)
Programansvarlig: Oddgeir Bruaset, tlf 976 98 130
Kontaktperson i Programinformasjon: Steinar Dahl, tlf 23 04 74 57
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900 info@nrk.no