Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 20. juni 2010 kl 09.30 Språkteigen

Norge, vegen mot nord

Kva betyr namnet Norge? Teoriane er mange, men professor Arne Torp er sikker i si sak. Norge kjem av Norðrvegr, 'vegen mot nord'.
Men i fleire dialektar heiter det Nåri og Norig. Kan ikkje det komme av 'riket i nord'?

Kva kjem namna Trøgstad og Skiptvedt av? Stadnamnekspert Inge Særheim kastar seg over kva namn det skal vere.

Lyttarane var ikkje seine om å hjelpe då Sylfest Lomheim stod fast på uttrykket 'å selje flesk'. Dessutan har språkforskar Tor Erik Jenstad mykje å bidra med om den mystiske fleskehandelen.

Og kva kjem uttrykket 'ad undas' av? Sylfest Lomheim finn svaret i antikken.