Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 torsdag 17. november 2011 kl 20.15 Solgt!

Tipper bustadprisar


Solgt! tar turen til Mjøsa og Hamar for å tippe bustadprisar. På menyen står ei ærverdig sentrumsleilegheit i jugendstil, eit Tyrolerinspirert hus utanfor byen og ei perle av eit funkishus i vakre Brumunddal.

Til å tippe pris langt frå heimebane har vi med lag frå meklarkjeda iHus i Oslo. Dei har sendt ut Jon Anders Reutz og Kristine Eikrem for å konkurrere mot Nermin Lizter og Kirsti Ness Olsen frå Nylander og Partners i Trondheim.

Om serien
Representantar frå to meklarhus blir røska opp frå sine vante territorium og slept ned i ein ukjent marknad. De rivaliserande selskapa konkurrerar om å gjette prisen på tre ulike eigendommar.

Nytt i år er at Solgt! dreg til utlandet for å tippe bustadprisar. I løpet av serien sine 14 episodar reiser meklarane også Norge på kryss og tvers.

"Solgt!" er ein underhaldande konkurranse bygd på den danske suksessen "Hammerslag".
Den norske versjonen av serien gjekk på lufta første gong våren 2010 og oppnådde stor suksess med over ein halv million sjåarar.

Som i de førre sesongane er programleiar for denne serien Frode Søreide. Søreide kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Han har jobba over 10 år i NRK; i Dagsrevyen, Sommeråpent, FBI og 17-mai-sendinga, og ved NRK sine distriktskontor,.

Eigenproduksjon ved NRK 2011
Programleiar: Frode Søreide
Prosjektleiar: Randi Helland
Pressekontakt: Irene Elisabeth Rossland, tlf: 23 04 21 66/988 20 309
Tv-sjåaren kan kontakte Publikumsservice: info@nrk.no, tlf: 815 65 900