Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 onsdag 3. juni 2009 kl 19.30 Folk: Spurven og ørna

Å flyga som fuglen

På tre dagar skal Bjørn lære Britt-Synnøve det han sjøl brukte tre månadar på å få til.(Foto: NRK)
På tre dagar skal Bjørn lære Britt-Synnøve det han sjøl brukte tre månadar på å få til.(Foto: NRK)
Ho syng som ein nattergal, er kjend som "spurven" – og no vil sangstjerna Britt-Synnøve Johansen inn i rolla til endå ein fugl: Ho skal flyga som ei ørn.

I høgfjellet har vinteren enno ikkje heilt slept taket. Og desse første sommardagane søkjer tusenvis av menneske til fjells med eit bestemt mål for auge: Å læra seg å flyga.

Menneskets evige draum om å fly har dei siste åra gitt entusiastar ideen om å seila og hoppa med ski på beina under ein drake – ein kite. For ein artist som blir kalt "Spurven", er det vel også ganske "naturleg" å drøyma om fuglanes frie flukt. Britt-Synnøve drar til Dyranut på Hardangervidda, der ho i barndommens påske blei piska opp bakkane. Nå vil ho gjera det på den lette måten.

Edith og eg
Dette er heimebanen for Bjørn som er mangeårig noregs- og verdsmeister i fristil-kiting på ski. Han flyr som ei ørn himmelhøgt over bakken og utfor skrentar. Han er ein pioner i ein sport som han sjøl er med å forme med sin eigen kreativitet, ved stadig å finne på nye akrobatiske triks.

Britt-Synnøve har også valt eit liv der ho gjer ein levevei av det ho elskar mest av alt: å synge. Slik sett er det to menneske med same livsinnstilling som her møtes.

På tre dagar skal Bjørn lære Britt-Synnøve det han sjøl brukte tre månadar på å få til. Men med same kallenavn som den franske songaren Edith Piaf, er ho fast bestemt på å vera like tøff som Edith ville vore. Det blir det mange mislykka forsøk av. Men Spurven angrar ingenting; akkurat som i Piafs mest kjende vise.

Norsk dokumentar (2009)
Programansvarleg: Leif Rune Løland, 55275250
Programredaktør: Oddbjørn Rosnes, tlf 478 15 458
Pressekontakt: Silje Marie Lien, tlf 23 04 41 01/975 252 87
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900