Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P1 lørdag 8. mars 2008 kl 07.40 Det skjedde i de dager

Når livet buttar imot

Når livet buttar imot, hender det at ting tar til å kverne inni hovudet mitt. Det kan ta både tid og krefter, men det finn sine uttrykksformer i dikt, seier lyrikeren Gudrun Lid Sæther.

Det er "all right" å få plassert tankane. Det er ei slags befrielse, og det er mentalhygiene. Det hjelper å stå opp og få det ned på papiret!

Dikta mine handlar om at eg måtte gi opp arbeidsdagen min. Så mista vi ei dotter i krybbedød i 1982. Ho låg ute og sov i vogna si, og da eg skulle ta henne opp og stelle hennne, var det ikkje liv i henne. Det var også noko som gjorde at eg har valde å fortelje om det i dikt, og eg trur at Gud hadde det vondt saman med meg, seier ho.

Gud veit korleis eg har det når eg har det trasig. Jesus er prøvd i mange ting, og det i langt større grad enn eg. Eg reknar med at Gud er med meg. Eg trur ikkje han grip inn i kvar einaste situasjon, men han er der like vel. Eg har ikkje noko alternativ. Dersom eg ikkje hadde tru, ville eg stå ribba tilbake, seier Gudrun Lid Sæther og seier det er godt å ha eit fang å gå til!

Programmet er ved Kjetil Lillesæter og er ein reprise frå 26. august i 2006.