Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P1 søndag 10. juni 2007 kl 11.03 Gudstjenesten: Austrheim kyrkje, Hordaland

Radiogudstenesta

Austrheim kyrkje (foto: Hans Ordin Østebø).
Austrheim kyrkje (foto: Hans Ordin Østebø).
Gudsteneste frå Austrheim kyrkje, Hordaland.
2. s. e. pinse: Luk. 16, 19-31.

Egon Askvik (privat bilete).
Egon Askvik (privat bilete).
Kapellan Egon Askvik.
Kantor John William Kay.
Radøy damekor.


Norsk salmebok: 136 (S-97). 733. 92 (S-97). 116 (S-97). 123 (S-97). 716.


Konfirmantar frå kyrkjelyden deltar som tekstlesarar. Det er konfirmantane Håvard Austrheim, Solveig Hjertaas og Ida Krossøy Nordvik.

Salmene i same rekkjefølgje som numra overfor:
Så grønn en drakt
Noen må våke i verdens natt
Vår himmelske Far
Du åpner døren til ditt rikes komme
Stjernene lyser fremdeles i mørket
Gud, du er rik

Klokkar er Arne Lerøy, og på kornett/fløyter høyrer vi Dorthea Sekkingstad.

Bispemøtet, Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja og Norges Kristne Råd har oppmoda kyrkjelydane i Den norske kyrkja og i andre kristne trussamfunn til å feire "Skaperverkets dag" i samband med markeringa av "Verdens miljøverndag 2007" den 5. juni.

Tekstane denne søndagen har fokus på den store skilnaden mellom fattig og rik i verda. Gud kallar oss til oppbrot frå eit levesett som øydelegg skaparverket og aukar ulikskapen mellom fattige og rike.

Høyr gudstenesta frå Austrheim kyrkje 10. juni.

Om kyrkja
Austrheim kyrkje er ei langkyrkje bygd i tre i 1865. Kyrkja har 450 sitjeplassar og eit galleri. Det finst to altartavler. Den eldste fra 1640, og den andre frå 1842. Den nyaste syner "Kristus i Getsemane".

Nokre frå Austrheim kyrkjelyd samla i kyrkja (foto: Kyrkjelyden).
Nokre frå Austrheim kyrkjelyd samla i kyrkja (foto: Kyrkjelyden).
Austrheim sokn har dei same grensene som Austrheim kommune. Soknet høyrer inn under Lindås prestegjeld og Nordhordland prosti/Bjørgvin bispedømme. Det er gudsteneste omlag annakvar søndag i Austrheim kyrkje.

På fredagskveldane
"Gudsteneste for alle" kallar me gudstenestene me har nokre fredagskveldar. Det er korte gudstenester med ein open og inkluderande atmosfære, og gudstenestene har høg trivselsfaktor. Her er også menneske med utviklingshemming er integrert. Gudstenestene er - som namnet seier - for alle og er delt i to delar: Samling om ord og sakrament - gjerne med dramatisering av bibelteksten - og sjølvsagt kyrkjekaffi.

Kyrkjelydshuset
Soknerådet har ansvar for kyrkjelydshuset. Huset kan lånast/leigast av lag, foreingar og einskildpersonar i Austrheim.

Aktive konfirmantar
Konfirmant Solveig Hjertaas (Foto: Austreheim kyrkjelyd).
Konfirmant Solveig Hjertaas (Foto: Austreheim kyrkjelyd).
Konfirmantane i Austrheim og Fedje har denne vinteren felles konfirmantopplegg.


Konfirmant Håvard Austrheim (foto: Austrheim kyrkjelyd).
Konfirmant Håvard Austrheim (foto: Austrheim kyrkjelyd).
I haust har det vore fleire samkomer, og det har vore foreldremøte, presentasjonsgudsteneste, konfirmantkveld og lysmesse i kyrkja.


I vårsemestret var konfirmantane med på fasteaksjon.



Konfirmant Ida Krossøy Nordvik (foto: Austrheim kyrkjelyd).
Konfirmant Ida Krossøy Nordvik (foto: Austrheim kyrkjelyd).
Dei var engasjerte i påskedagsgudstenester og er med på førebuingane til konfirmantleiren i august.

Han varar ei veke og blir halden på Alværa ved Lavik, sjølve konfirmasjonen blir søndag 26. august.




Gospelkor
Nytt er tre kveldar med gospelkor. I tillegg til konfirmantane vert andre ungdomar inviterte.

Diakoni
Diakoninen står sterkt i kyrkjelyden, og nemnda som steller med det, er aktiv. Alle over 80 år får roser. Dei har ei besøksteneste, syter for kyrkjeskyss og steller i stand festar og turar.

Kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt
Kyrkjelyden har teke på seg ansvar for det arbeidet som Kjetil Vestbøstad og Kari Kaland Vestbøstad driv i Mali - Det Norske Misjonselskap. Det vert samla inn pengar og dei vert teke med i forbøna i gudstenestene. I januar er det kvart år ei misjonsgudsteneste og Kyrkjebakken vil ha informasjon jamnleg. Soknerådet har sett ned ei misjonsnemnd.


LENKER
  • Høyr gudstenesta frå Austrheim kyrkje 10. juni.