Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 7. oktober 2012 kl 21.45 Meisterklasse

Utan vanleg, høfleg publikum


I kveld i «Meisterklasse» tek den verdskjende cellisten Truls Mørk med seg talenta Sandra Lied Haga og Brage Botn Seim til Saltö i Sverige. Der skal dei teste ut korleis det er å spele konsert for noko heilt anna enn eit vanleg, høfleg klassisk publikum.

I tre dagar skal Sandra og Brage øve med Truls Mørk i hans ferieparadis på Saltö, tett på grensa til Noreg.
"Meisterklassen" finn stad i Halden. Men kva syns talenta om konsertpublikumet Truls har skaffa - nemleg ein flokk med småungar?

Om serien
Klassisk musikk blir tatt ned frå scena og ut i det fri når Noregs klassiske meistrar blir personlege trenarar for unge, store talent. Sju klassiske stjerneutøvarar vel seg kvar sine to unge talent og inviterer dei til i tre dagar med intens jobbing. Korleis er det å spele når den dei beundrar mest av alt høyrer på? Og kva med å spele konsert på ein stad du ikkje veit om før du bokstaveleg tala står på scena - eller jernbanestasjonen – eller skipsverftgolvet - eller kor det måtte være?

Meisterklasse sine læremeistrar er Leif Ove Andsnes (piano), Øystein Baadsvik (tuba), Martin Fröst (klarinett), Tine Thing Helseth (trompet), Henning Kraggerud (fiolin), Solveig Kringlebotn (song) og Truls Mørk (cello).

Norsk underhaldningsserie i 7 delar
Produsert av NRK Hordaland
Produser: Thomas Hellum
Programleiar: Elin Helgheim
Pressekontakt: Silje Marie Lien, silje.marie.lien@nrk.no tlf: 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice: tlf: 815 65 900 info@nrk.no