Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 13. oktober 2007 kl 22.35 Norsk attraksjon

Skummel klassikar

Skodespelar Henny Moan er attende ved Skomakertjern i Nordmarka, der den berømte scena frå dei
Skodespelar Henny Moan er attende ved Skomakertjern i Nordmarka, der den berømte scena frå dei "De dødes tjern" vart spelt inn. (Foto: NRK)
Filmen "De dødes tjern" har skremt vatnet av fleire generasjonar. Linda Eide drar attende til tjernet saman med Henny Moan, som spelte i filmen.

Boka "De dødes tjern" vart skriven i 1942 av Andre Bjerke under pseudonymet Bernhard Borge, og reknast blant dei aller mest framifrå kriminalromanane i norsk litteraturhistorie. Også filmen, som kom i 1958, blei omgåande ein klassikar. Scenen der den unge Liljan Werner blir dratt mot tjernet har gjort mange nordmenn søvnlause.

Henny Moan spelte Liljan i filmen, og saman med Linda Eide dreg ho attende til Skomakertjern i Nordmarka, der den berømte scenen vart spelt inn. Det blir eit heftig møte med ein ny trussel, som ikkje var der for 50 år sidan.

Sakte by
I Nord-Trøndelag ligg Levanger, ein fredeleg liten by som er godkjent som Sakte By av den italienske rørsla Citta Slow. Men kva inneber det å vere ein sakte by? Linda oppdagar byen og ei heilt ny side av seg sjølv – frisyremessig.

Ei øy i Oslofjorden har ein ting til felles med Australia, nemleg eit kaninproblem. Kaninane er overalt på Gressholmen, men korleis kom dei hit? Teoriane er mange. Og korleis blir ein kvitt dei? Kanskje tryllekunstnar Finn Jon kan hjelpe. Han må jo vere ein av våre framste kaninekspertar!

Ingen stader i landet finn du fleire bilhol enn på strekninga Bergen-Voss. Bli med Norsk attraksjon på tunnelsafari og opplev den norske fjellheimen frå innsida!

Om serien
"Norsk attraksjon" viser deg reisemåla du garantert ikkje finn i guideboka. Åtte laurdagar blir vi med Linda Eide til ukjende plassar som er verd å leggje merke til.

Linda Eide stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller plassar du ikkje visste var ein attraksjon.

Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I fjor fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for nynorskjournalistar.


Underhaldingsprogram (2007)
Program 5 av 8
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar: Gunn Aasen, 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900


LENKER
  • Hjemmeside