Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 søndag 14. februar 2010 kl 09.30 Språkteigen

Frå bankkræsj til ordboktørke

Kvar fjerde islending som flytta frå øya i fjor tok vegen til Norge. Her ventar ein ny jobb, eit nytt liv og eit nytt språk.
- Men ordbøkene held ikkje mål. Det seier Karvel Strømme frå Fitjar, halvt islending og mangeårig reiseleiar.
Kan Islex bøte på dette?
Ved Universitetet i Bergen jobbar redaktør Margunn Rauset med ei digital ordbok som omfattar både islandsk, norsk, svensk og dansk.

Orda er våre største globetrottarar. Dei vandrar frå munn til munn, frå språk til språk, og somme gonger er det umogleg å sjå dei kjem ifrå.
Eit slikt ord er 'pingvin'.
Når professor Rolf Theil prøver å knekke denne etymologiske nøtta, føre spora han til ei lita øy langt mot nord.

Kvifor finn ein ikkje ordet media i ordbøkene? Sylfest Lomheim svarar lyttarane.