Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 mandag 28. juli 2008 kl 09.30 Ukas P2-artist: Agnes Buen Garnås

Kvinna med Kvedarhjarta

Kvedaren Agnes Buen Garnås er ukas P2-artist. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
Kvedaren Agnes Buen Garnås er ukas P2-artist. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
Agnes Buen Garnås – "Kvinna med Kvedarhjarta"

- Syng du når du arbeider, så er plutseleg jobben gjort…


Tonane hennar har gjort ho til ein av landets fremste kvedarar. Likevel er ikkje nordmenn aleine om å like folketonane til Agnes Buen Garnås. Sekstiåringen har skapt eit særeigent uttrykk. Kvedinga hennar har blitt symbol for den norske folkemusikken langt ute i verda.

Agnes oppdaga i barneåra at songen alltid fylgte ho. Men kvifor starta ho å synge profesjonelt og kvifor folkemusikk? I Ukas P2-artist, veke 31 får du igjen møte Agnes, nært, reflekterande og spennande. Du møter henne heime i det brune Buenhuset langt inne i den furukledde Breskelia i Bø i Telemark, men også tett-på når ho er i vinden ute på oppdrag.

I programmet får du høyre korleis ho staka ut kursen, mimring av musikarlivet, korleis familien Buen har påverka ho og ikkje minst kvifor ho er så levande opptatt av folkemusikk og det å føre tradisjonen vidare. Gjennom livet har ho hatt tusenvis av kursdeltakarar. Pedagogikken hennar "menneskje til menneskje" har vidareført kveding slik ho også har tilnærma seg stoffet.

Sjølv likar ho best å kalle seg for ein kulturarbeidar. Agnes Buen Garnås har valgt kveding som profesjon og måten ho har nådd ut til menneskje på, syner at ho har kvalitet, særpreg og emne til både tradisjon og nyskaping. Repertoaret hennar er i spennet mellom gamlestev, bånesullar, balladar og viser framført via den nakne og váre stemma til samspel med andre kvedarar og musikarar som t.d. bror hennar Knut Buen eller Jan Garbarek. I 2005 mottok Agnes kongens forteneste medalje i gull.

"Ukas P2-artist" NRK P2
Mandag 28. juli – fredag 1. august
Kl. 09.30 – 10.00. Gjenhør kl. 19.00.