Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 23. september 2012 kl 20.55 Meisterklasse

Tubastunt blant studenter


Tubasolist Øystein Baadsvik turnerer over heile verda og har spela på scener frå Melbourne i Australia til Carnegie Hall i New York. No her er han her – som mentor i "Meisterklasse".

Solotubaisten Øystein Baadsvik inviterer tubatalenta Ingunn Hammerseth frå Sarpsborg og Sebastian Lamberg Torjusen frå Rosendal til Trondheim.

I tre dagar jobbar dei fram mot ein stuntkonsert på studentområdet Dragvoll. Kva skjer med spelet til talenta når dei har verdas mest kjende tubasolist som lærar? Og kjem vi alle til å digge tuba etter dette?

Om serien
Klassisk musikk blir tatt ned frå scena og ut i det fri når Noregs klassiske meistrar blir personlege trenarar for unge, store talent. Sju klassiske stjerneutøvarar vel seg kvar sine to unge talent og inviterer dei til i tre dagar med intens jobbing. Korleis er det å spele når den dei beundrar mest av alt høyrer på? Og kva med å spele konsert på ein stad du ikkje veit om før du bokstaveleg tala står på scena - eller jernbanestasjonen – eller skipsverftgolvet - eller kor det måtte være?

Meisterklasse sine læremeistrar er Leif Ove Andsnes (piano), Øystein Baadsvik (tuba), Martin Fröst (klarinett), Tine Thing Helseth (trompet), Henning Kraggerud (fiolin), Solveig Kringlebotn (song) og Truls Mørk (cello).

Norsk underhaldningsserie i 7 delar
Produsert av NRK Hordaland
Produser: Thomas Hellum
Programleiar: Elin Helgheim
Pressekontakt: Silje Marie Lien, Silje Marie Lien tlf: 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice: tlf: 815 65 900 info@nrk.no