Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 søndag 22. august 2010 kl 20.00 Norsk attraksjon

Tre maraton på et døgn


I sesongens siste episode spring Linda Eide heile tre maraton på eit døgn, og det gjer ho kun til ære for ein ukjend sogning. Mensen Ernst er nemleg idrettsstjerna Noreg gløymde. Med vin som sportsdrikk, kryssa han kontinent i ei fart som gjer at ingen lenger hugsar han. Då kan ikkje "Norsk attraksjon" vere dårlegare.

Programleiar Linda Eide startar 24-timarsløpet i Fresvik i Sogn, ved minnesteinen til den ukjende løparkongen Mensen Ernst. Han drakk vin i staden for vatn mens han sprang, og på veg opp på Vikafjellet blir programleiar Linda Eide budd på forfriskingar frå folk som bur langs vegen.

Ulven i Vegårdshei
På staden der Raudhette helst ikkje stoppar, går Linda Eide i fotefara til Noregs mest berømte ulv. Tidleg på 80-talet skapte skrubben amerikanske våpentilstandar i Vegårdshei i Aust-Agder, men kven tok eigentleg knekken på han til slutt?

På Jæren ser Mor Noreg, med steinandlet, ut over eit uendeleg, flatt landskap. Ho ser ut som ho har falle ned frå himmelen. I røynda er ho offer for ein rastlaus kunstnar med utferdstrong og kan takke ein uthaldande redningsmann for eit fredeleg liv med uslåeleg utsikt. Kan det hende det er litt i fredelegaste laget?

Utsikta er også god frå øya der Linda Eide køyrer amerikanar, gassar seg i kaloriar og vitjar fridomsgudinna. Der bur Jane Helen, Else Dordy og Glen Tony. På ein stad som er meir amerikansk enn kontinentet sjølv.

Om serien
"Norsk attraksjon" er tilbake med fleire attraksjonar du garantert ikkje finn i guideboka. Med Linda Eide som guide og reiseleiar legger vi ut på ei reise i hyggeleg norsk galskap – til ukjente attraksjonar, sære historier og entusiastiske menneske. Iført praktisk reiseantrekk og skrått blikk stoppar programleiar Linda Eide opp ved det andre dreg forbi.

Sendt tidligere.

Egenprodusert underholdningsserie (2009)
Programleiar: Linda Eide
Prosjektleiar: Kristin Helgeland Hauge
Pressekontakt: Silje Marie Lien, 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900