Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 onsdag 30. mars 2011 kl 20.15 Folk: Kva er det med Flø?

Med begeistring som verkemiddel


Flø er ei bygd med 168 innbyggarar. Skulen er nedlagt, butikken er nedlagt, det bles motvind frå alle kantar og gjødsellukta heng tungt over markene. Så kva er det som gjer at du nettopp her - på ein relativt gjennomsnittleg dag -kan snubla over Magne Furuholmen eller Moods of Norway-gründarane?

Få kjenner bygda som Erling Ove Flø. Bonden har budd her heile sitt liv, no merkar han at Flø ikkje er som før.For det har skjedd endringar siste året. Det skuldast ikkje berre tyske fisketuristar. Og ikkje berre dugnadsånd og gode naboar. Mykje tyder på at ein ivrig innflyttar har ein finger med i spelet.

Nybyggjaren
Hugo Opdal flytta hit for nokre år sidan, ein mann med gode kontaktar og godt humør. Men han har det travelt.I løpet av dei neste fem dagane skal han pusse opp galleriet sitt, opne kunstutstilling, utvide klebutikken sin, arrangere festival og vere vert for verdsstjerner. Utrulege ting kan skje viss ein brukar begeistring som verkemiddel! Med det som motto har fotografen frå Overhalla i Nord-Trøndelag lukkast med å drive kunstgalleri yst i havgapet. -Eg blir ikkje rik, det er ikkje drivkrafta mi. Det kjærleiken som driv meg.

Hugo har klart å få verda til Flø, og for Flø har populariteten hatt forbausande konsekvensar, som at ein mann i ei bygd utan matbutikk no kan få kjøpt same klede som i Hollywood. Flø ER jo på mange måtar Moods of Norway . Magne Furuholmen har danna supergruppa Apparatjik saman med musikarar frå verdens-gruppene Coldplay og Mew. Sin fyrste konsert spelte dei i Berlin, den andre i den nedlagde gymnastikksalen på Flø.

Programredaktør: Oddbjørn Rosnes, tlf 478 15 458
Pressekontakt: Silje Marie Lien, tlf 23 04 41 01/975 252 87
TV-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf 815 65 900