Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 onsdag 3. april 2013 kl 20.15 Folk: Leve livet - heile livet

96 år - og i hundre


- Vi har så kort tid her på jorda. Eg vil gjerne leve livet, heile livet, seier 96 år gamle Nikka Myren Grønning i Valldal på Sunnmøre.

I høg alder, men med stor virkelyst, skapar ho seg ein meiningsfylt kvardag. Det er i kjøkkenet på garden Myra ho utfaldar seg til stor glede for mange. Der bakar ho på bestilling til folk i vid omkrins. Dei treng festmat til høgtider, bryllaup, konfirmasjonar og andre høgtider.
Fleire tusen lefser, flatbrød og den lokale flatebakelsen kjem frå hennar hand kvart einaste år. 96-åringen ser også som si store oppgåve å lære opp dei yngre i bakekunsten.

Ut i skogen
Nikka likar seg i skog og mark, og vil også gjerne prøve å kome seg i bærskogen. For over 70 år sidan var ho anleggskokke då bilvegen over turistmålet Trollstigen blei bygd. Nikka tek oss med tilbake dit. Vi møter henne både på julemesse, i butikken og er med på besøk til omsorgssenteret.

Styrke til ein aktiv kvardag hentar ho i kjeldevatnet der Heilag Olav og hans menn slo leir for snart 1000 år sidan. Gjennom ein aktiv kvardag med mykje latter og glede, viser ho at livet kan ha mykje å by på også for den som oppnår høg alder.

- Eg elskar livet og har ikkje noko ønske om å forlate verda, seier Nikka, som drøymer om å leve til ho blir 110 år.

Dokumentar frå NRK Møre og Romsdal
Programansvarleg: Sissel Beate Brunstad
Redaktør: Oddbjørn Rosnes
Kontaktadresse for presse: presse@nrk.no, tlf 414 28 800
TV-seere bes kontakte Publikumsservice tlf 815 65 900