Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 lørdag 27. oktober 2007 kl 22.35 Norsk attraksjon

Linda i Nordens Paris

Beate Hårstad Jensen er Linda Eide sin guide i Tromsø. Dei er på jakt etter noko parisisk i polarbyen (Foto: NRK).
Beate Hårstad Jensen er Linda Eide sin guide i Tromsø. Dei er på jakt etter noko parisisk i polarbyen (Foto: NRK).
Er det sant at Tromsø er Nordens Paris? Det vil Linda Eide finne ut i programmet i kveld. Vi skal også sjå at ein varmluftsballong på ville vegar har gitt Telemark ein Norsk attraksjon. Og på Nesodden finn vi ein ny attraksjon som reddar tusenvis av liv i trafikken!

Om du trur at det er det livlege utelivet som har gitt Tromsø ry som Nordens Paris, så tek du feil. Allereie på 1800-talet fekk byen det tilnamnet. Men om det no er sant eller tomt skryt, skal Linda finne ut når ho tar ei reise gjennom norske kommuneslagord. Med hjelp frå blant andre Beate Hårstad Jensen ved NRK Troms jaktar ho etter noko parisisk ved polarbyen.

Paddene på Nesodden
Kvart år når paddene på Nesodden skal til sin faste gyteplass, har det blitt eit blodbad utan like. Paddene må kryssa ein trafikkert veg når dei skal til dammen der to padder finn kvarandre og blir til tre, eller tre hundre, eller tre tusen.

For paddene har den årlege kryssinga vore ein livsfarleg hasard. Tusenvis av gyteklare amfibieliv har gått tapt i møte med bilen. Men no er redninga her: Ein fotgjengarundergang for padder! På den måten kan padda krysse vegen heilskinna og nyte våren på andre sida.

Problemet er at paddene har vanskeleg for å skjøne at undergangen faktisk er redninga. Men Linda Eide er god mot dyra og syner dei vegen gjennom tunnelen. Så spørs det berre om eksemplets makt er sterkt nok i dette tilfellet òg.

Ballongfararsteinen
Frankrike 1870: Tyskarane har slått ein jernring rundt Paris og ingen kjem seg ut eller inn. For at eit angrep på dei tyske styrkane skal fungere, må det angripast innanfrå og utanfrå, samstundes. Brevet med angrepsplanane må sendast til hæren utanfor byen.

Kaptein Paul Rollier og meinig Leon Bezier får oppdraget. Midt på svartaste natta stig ein luftballong opp, over den tyske jernringen og mot vennlegsinna styrkar. Men vinden speler dei eit solid puss og tek dei med seg mot nord, mot Lifjell i Telemark! Ein rekonstruksjon av kva som hende vidare, får du sjå i Norsk attraksjon. Her får Linda hjelp frå Hans Strand, oldebarnet til ein av dei som fann dei forvirra franskmennene.

Tropp er topp
Noreg er landet for lange fantastiske trapper. I Rjukan slår Linda eit slag for folkehelsa når ho går 3875 trinn i eit oppsiktsvekkande tempo, og viser ein gong for alle at: TROPP ER TOPP FOR KROPP!

Om serien
"Norsk attraksjon" viser deg reisemåla du garantert ikkje finn i guideboka. Åtte laurdagar blir vi med Linda Eide til ukjende plassar som er verd å leggje merke til.

Linda Eide stoppar ikkje ved turistattraksjonar som allereie er skilta. Den uhøgtidelege reporteren jaktar i staden på attraksjonar du ikkje visste fanst, eller plassar du ikkje visste var ein attraksjon.

Om Linda Eide
Journalisten, forfattaren og humoristen Linda Eide (f. 1969) er frå Voss og tilsett ved NRK riks i Bergen. Ho er kjend både frå radio og fjernsyn. På tv har vi mellom anna sett henne i programserien "Eide og Morris – eit matprogram". I fjor fekk ho Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for nynorskjournalistar.

Underhaldingsprogram (2007)
Program 6 av 8
Produksjon: NRK Program riks Hordaland
Programleiar: Linda Eide
Regi: Kristin Helgeland Hauge
Produksjonsleiar: Gunn Aasen, 55 27 57 37/990 34 530
Pressekontakt: Helene Amlie, 23 04 77 51/951 00 299
TV-sjåarar kan kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900


LENKER
  • Hjemmeside